Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Oddvar Nes 70 år

Professor Oddvar Nes fylte 70 år 27. desember 2008, og blei heidra med ei tilstelling på instituttet 6. februar 2009. Her kan du lese meir om nokre av Nes sine mange og viktige bidrag til språkvitskapen.

Oddvar Nes tok magistergrad i germansk språkvitskap ved UiB i 1968. Året etter vart han amanuensis ved stadnamnsamlinga ved Nordisk institutt, seinare førsteamanunesis. Frå 1987 til dags dato har han vore professor i språkvitskap ved Nordisk institutt.

Oddvar Nes har markert seg som ein av dei sentrale forskarane innanfor nyare norsk namnegransking. Mange kjenner Nes frå arbeidet hans med å organisera og ivareta innsamlinga av på Vestlandet. Han har halde kurs i innsamlingsarbeid i mange kommunar, og stillinga ved stadnamnarkivet førte med seg mykje korrespondanse om namnespørsmål, både med lek og lærd.

Nes har ei sterk språkhistorisk interesse, og han vore oppteken av det eldste stadnamnstoffet i landet. Hans første vitskapleg artikkel, Fensleg. Eit sunnmørsk dialektord (MM 1966), som han skreiv som student, viste korleis han seinare skulle koma til å arbeida, med grannsemd, jamføring og stor innsikt i og aktiv bruk av faglitteraturen.

I si forsking har Nes særleg vore oppteken av etymologiske problemstillingar. Denne interessa viser seg alt magistergradsavhandlinga Studiar i dei eldste nordvestlandske fjordnamna. Nes har skrive to av innleiingsartiklane og rundt 170 av artiklane i Norsk stadnamnleksikon, og han har skrive ei mengd artiklar om einskildnamn i m.a. Maal og Minne, Namn og Nemne og elles i andre tidsskrift og artikkelsamlingar. Elles har Nes skrive fleire artiklar om etymologi, og han har t.d. vore konsulent for andre og tredje utgåva av Niels Åge Nielsens Dansk etymologisk ordbog (1969 og 1976).

Leksikografi og dialektologi og fonetikk/fonemikk er andre disiplinar Nes har vore oppteken av. Han har gjeve ut kommenterte utgåver av eldre ordsamlingar, bokmeldingar osv. Knud Pedersen Harboe: Dictionarium Danico-Norvegico-Latinum (1988) er eit døme på ei utgåve som Nes har lagt til rette på ein framifrå måte med ei utførleg innleiing, grundige kommentarar og ordliste.  Norsk dialektbibliografi, der han har klassifisert 2600 arbeid, er i dag eit heilt sentralt oppslagsverk for alle som har interesse for norskfaget og nordistikken.

Eit av dei viktigaste arbeida til Nes er dei vitskaplege utgåvene av etterlatne skrifter til Ivar Aasen, saman med Jarle Bondevik og Terje Aarset. Til no har det kome ut ti bøker i Serie A, Tekster, 1992–2006 og ei bok i Serie B, Kommentarar, 1998. Bøkene er verdfulle vitskaplege arbeid med notar, innleiingar og kommentarar. Dette er fyrste gongen arbeidet til Ivar Aasen vert lagt fram i vitskaplege utgåver, og utgjevingane er eit viktig referansegrunnlag for studiet av Aasens livsverk.

Nes har brei undervisningserfaring, særleg frå hovudfagsundervisning i emnekrinsen namnegransking. Han har elles undervist i målførekunnskap, språkhistorie, praktisk målbruk (nynorsk) og norrønt, dessutan i gamalnorske dialektar, gamaldansk og gamalsvensk, Norvegia-lydskrifta, språkvitskapen i det førre hundreåret og den første halvparten av vårt hundreår, og vitskapsteori.

Nes er ein dyktig fonolog og har undervist i lydskrift (IPA og Norvegia). Han har vidare hatt undervisning over metodar i indoeuropeisk språkvitskap, og har også drive komparativ gjennomgang av tekstpensum i gamaldansk, gamalsvensk, gamalfrisisk, gamalsaksisk og gamalnederfrankisk til magistergraden i germansk språkvitskap.

Han har vore vore namnekonsulent for kartkontora i Sogn og Fjordane og Hordaland (Økonomisk kartverk), og er no namnekonsulent for Vestlandet (nynorsk), med dekningsområde frå Rogaland til Romsdal.

Nes har vore ansvarleg redaktør for det namnevitskaplege tidsskriftet Namn og nemne frå hefte 1 (1984), fyrst saman med Ole-Jørgen Johannessen (fram til 1994), så saman med Ole Jørgen Johannesen og Gunnstein Akselberg (1995), frå 1996 til 2004 saman med Gunnstein Akselberg, men med reell tilknyting til tidsskriftet også dei siste åra. Nes har såleis mykje av æra for at dette tidsskriftet kom i stand og har komme ut så regelbunde (hefte 24 er no prenta).

Nes har dessutan vore medlem av fleire råd, utval , nemnder og styre, mellom anna åtte år som representant for Universitetet i Bergen i rådet for Nynorsk kultursentrum i Ørsta (Ivar Aaasen-tunet).

Nes er kjend for å vere ein god rettleiar for masterstudentar så vel som for doktorgradskandidatar. Han er tolmodig og tek seg tid, men set store krav. Arbeidet må ein styra sjølv, men han gjev alltid solid fagleg rettleiing. På det meste rettleidde Nes fire samstundes, og i 1970- og 80-åra var ei glanstid for stadnamngranskinga i Bergen under Nes sine venger.

Nes er interessert og velorientert i svært mange fagfelt. Han har ord på seg for å vere ein god kollega og ein venleg mann som det er lett å samarbeida med. Han har dessutan mykje sunt bondevit og er fri for alt akademisk snobberi.

I 1988 tildelte Kungliga Gustav Adolfs Akademien i Uppsala Oddvar Nes ein pris frå  Jöran Sahlgrens prisfond for det vitskaplege arbeidet med etymologi.