Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Heider til Oddvar Nes

Professor emeritus Oddvar Nes har fått Kongens Fortenestemedalje for sitt over førtiårige virke innanfor språkvitskapen. Medaljen blei overrekt av ordførar Knut Hanselmann ved ei tilstelling i Universitetsbibliotekets spesialsamling i HF-bygget fredag 13. mars.

I si helsing understreka Hanselmann Nes si lange vitskapleg karriere innanfor nordisk språkvitskap, og det allsidige arbeidet han har lagt ned for norsk - særleg vestlandsk - namnegransking og -innsamling. Nes var i mange år Statens namnekonsulent for Vestlandet, og har vore sentral i arbeidet med innsamling og arkivering av stadnamn. Hanselmann framheva óg Nes sin lune og romslege veremåte, og hans hjelpsemd overfor kollegaer og studentar.

Oddvar Nes er  ein av dei  fremste forskarane i Noreg innanfor etymologi og innanfor namnegransking, serleg når det gjeld namnetolking og vitskapleg drøfting av normeringssspørsmål. Nes har óg ytt viktige vitskaplege bidrag til dialektologi, fonologi og leksikografi. Dei siste åra har han vore ein sentral person bak utgjevinga av Ivar Aasens etterlatne skrifter.

Les meir om medaljeoverrekkinga i På Høyden.