Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Språkpolitikk er viktig

- Vi treng gode idear om korleis lokale språkstrategiar skal omsetjast i handling, seier Johan Myking.

Myking, som er professor i nordisk språk, var med på idéseminaret om norsk fagspråk i universitets- og høgskolesektoren, som Universitets- og høgskolerådet (UHR) og Språkrådet skipa til 17. oktober.

- Språkpolitikk har lenge vore ei prioritert oppgåve ved UiB og LLE, seier Myking.  Han viser til det språkpolitiske strategidokumentet "Både i pose og sekk", som vart lagt fram i 2007 av ei gruppe leia av professor Helge Sandøy frå LLE.  I år har UiB oppretta eit  språksenter, som skal samordna og utvikla arbeidet for godt språk og parallellspråkleg tilnærming både på norsk og på framandspråk. Etter at UHR i 2007 vedtok ei språkpolitisk plattform, har dei fleste andre universiteta laga sine språkstrategiar basert på denne plattforma.

- Presentasjonane på seminaret dokumenterte at det er stor trong for gode idear om korleis dei lokale språkstrategiane skal omsetjast i handling. UiB er truleg det universitetet som ligg fremst i løypa, seier Myking. Han understrekar at dette er dette er ei viktig sak for LLE.  Norsk språk er viktig i mange av faga, samstundes som instituttet har fleire  fag som  treng gode parallellspråklege løysingar og kompromiss.