Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

LLE med i ny Holbergsatsing

Eit dansk-norsk samarbeid om å gje ut ei digitalisert og ny tekstkritisk utgåve av Ludvig Holberg's samla skrifter, blir på norsk side knytt til Universitetet i Bergen. Ansvaret for prosjektet er lagt til Det humanistiske fakultet. Det samfunnsvitenskapelige fakultet og Det juridiske fakultetet blir også involvert. Førsteamanuensis Eiliv Vinje tok til i ei mellombels prosjektleiarstilling ved LLE 2. februar 2009.

Initiativet blei tatt av Fondet for dansk-norsk samarbeid allereie i 2003. Usemje om organisering og manglande finiansiering gjorde at arbeidet stranda. Hausten 2007 tok UiB eit nytt initiativ, då rektor Sigmund Grønmo etablerte i arbeisgruppe som fekk i mandat å arbeide vidare for å realisere prosjektet.

På dansk side er det etablert ein redaksjon ved Det danske sprog og litteraturselskab, i samarbeid med Københavns universitet, med dr.philos Karen Skovgard-Petersen som redaksjonsleiar. Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet handsama i møte 18.11.2008 sak om "Beskrivelse og forankring av Holbergprosjektet." Her går det fram at den norske delen har ei kostnadsramme på 28 million kroner fordelt over 7 år, dvs 4 million kroner pr år. 1 million kroner av dette blir stilt til rådvelde frå UiB sentralt, og dei tre involverte fakulteta går inn med til saman 1 million kroner. Vidare er det føresett tilskott på 1 million kroner årleg frå Meltzerfondet. Sparebanken Vest har gitt 1 million til prosjektet, og Fritt Ord 2 million kroner.

Førsteamanuensis Eiliv Vinje, som har dr.grad frå UiB på Holbergs essayistikk, tok til i ei mellombels prosjektleiarstilling ved LLE 2. februar 2009. Seinare i år skal det lysast ut stilling for redaksjonell leiar/prosjektleiar med professorkompetanse knytt til LLE, og stilling for doktorgradsstipendiat.

Om å kommentere Holberg

Professor i nordisk, Eivind Tjønneland, har vore sentral i dei dei faglege diskusjonane kring prosjeketet. Etter hans initiativ vart det  5.-7- januar 2009  arrangert ein konferanse "Om å kommentere Holberg" i København, der medarbeidarar frå utgivingane av "Søren Kirkegaards Skrifter" og "Henrik Ibsens Skrifter" deltok, i tillegg til norske Holberg-ekspertar.

- Mellom anna vart forholdet mellom punktkommentarar, som gir opplysningar til einskilde tekststader, og meir overgripande kommentarar, som kan blir presenterte i innleiinga til dei einskilde verka, drøfta, fortel Tjønneland. - Fleire av innleiarane framheva i samband med dette  dei gjennomgåande tematiske sidene ved Holberg sitt forfattarskap. Det juridiske perspektivet finn ein ikkje berre i Holberg sine skrifter om naturretten, men også i komediane og i "Niels Klim".

- Vi må tenke nøye igjennom korleis vi skal bruke ressursane, seier Tjønneland til slutt. - Det er langt frå sikkert at til dømes tidkrevjande tekstkoding og avanserte digitale søke- og visningsvrektøy resulterer i auka interesse eller betre forståing for forfattarskapet ein ønskjer å gje ut. Med unnatak av komediane, "Peder Paars". "Niels Klim", "Moralske Tanker" og "Epistler" er Holbergs verk i stor grad ukommenterte. Slik eg ser det, bør det meste av prosjektmidlane brukast til realkommentarar og leiting etter nye kjelder,  og ikkje berre til oppstilling av eksisterande viten eller utgivingsteknisk pedanteri. Då kan arbeidet med den nye Holberg-utgåva gje tverrfagleg og interfakultær forsking ved UiB eit stort løft.

Arbeidet skal vere ferdig til til 2014, til 200-årsmarkinga for det norske sjølvstendet.