Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Inviterte foredragshaldarar

Ellen Bialystok (professor, York University, Toronto, Canada), Markku Suksi (professor, Åbo Akademi & Justitieministeriet, Finland), Jarmo Lainio (professor, Stockholms universitet), Arnfinn Muruvik Vonen (Språkrådet), Hjalmar P. Petersen (lektor, Froðskaparsetur Føroya, Færøyane), Mila Vulchanova (professor, NTNU), Cecilie Carlsen (leiar, Norsk språktest), Miguel Ángel Quesada Pacheco (professor, UiB), Reidunn Hernes (førsteamanuensis, Høgskolen i Bergen), Michael Riessler (språkforskar, Albert-Ludwigs-Universität Freiburg & Østsamisk museum)

Foto/ill.:
Språkrådet

Hovedinnhold

Ellen Bialystok er forskingsprofessor i psykologi ved York University, Toronto, Canada. Hennar forskingsinteresser har særleg vore knytte til tospråklegheit og effekten det har på generell språkkompetanse og kognitiv utvikling hos barn. I dei seinare åra har ho sett nærmare på korleis tospråklegheit frå yngre år verkar på den kognitive utviklinga når ein vert eldre. Ho har vidare arbeidt bl.a. med modellar for metaspråkleg medvit og med andrespråkstileigning. 

 

 

 

Markku Suksi er professor i offentleg rett ved Rättsvetenskapliga institutionen, Åbo Akademi, Finland. Gjennom si forsking har han særleg sakkunnskap i spørsmål om grunnleggjande språklege rettar. Han har òg vore utviklingssjef for det finske Justitieministeriet si demokrati- og språkeining. 

 

 

Jarmo Lainio er professor i finsk (særleg sosiolingvistikk) ved Stockholms universitet og professor II ved Mälardalens högskola. Han har arbeidt særleg med finsk i Sverige, tospråklegheit og tospråkleg undervisning, og vore engasjert i fleire internasjonale forskingsprosjekt. Språkpolitikk og tilhøva for språkminoritetar har stått sentralt i arbeida hans. 

 

 

Miguel Ángel Quesada Pacheco er professor i spansk språk ved Universitetet i Bergen. Han har gjort eit omfattande arbeid for å samle inn og dokumentere indianarspråk og ulike variantar av spansk i Mellom-Amerika, og er òg leiar for pågåande prosjekt om det. I arbeidet sitt har han òg vore oppteken av språkhaldningar.

 

 

Arnfinn Muruvik Vonen er direktør i Språkrådet. Han var tidlegare professor ved Institutt for spesialpedaogikk ved Universitetet i Oslo, og har særleg arbeidt med spørsmål som gjeld døvespråk og språksituasjonen til døve. Muruvik Vonen rår over ei rad språk. 

 

 

Hjalmar P. Petersen er lektor i språkvitskap ved det færøyske universitetet, Froðskaparsetur Føroya, Tórshavn. Han har arbeidt bl.a. med færøysk-dansk tospråklegheit, i tillegg til spørsmål om færøysk grammatikk og dialektologi.

 

 

Cecilie Carlsen er fagleg leiar for Norsk språktest, og har særleg innsikt i spørsmål om testing og vurdering av språkdugleikar. I tilknyting til arbeidet med språktesting har ho forska bl.a. på spørsmål om språktileigning, transfer (særleg spansk-norsk), korpus og Det felles europeiske rammeverket. 

 

 

Reidunn Hernes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Bergen. Ho er sosiolingvist bl.a. med doktoravhandling om talemålsendringar i Os i Hordaland, og er for tida engasjert i forskingsprosjekt knytte til nynorskbruk og haldningar til nynorsk blant studentar. 

 

 

Michael Riessler er språkforskar ved Albert-Ludwigs-Universität Freiburg, Tyskland, og har arbeidt med dokumentasjon, språkkontakt og språkteknologi særleg knytt til skoltesamisk.