Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Praktisk informasjon og påmelding

Konferansen vil finne stad på det nye Litteraturhuset i Bergen. For overnatting har vi avtale med Hotell Hordaheimen. Påmeldingsinformasjon finn du her.

Hovedinnhold

Her vil du få informasjon om påmelding, lokalitetar, overnattingsmoglegheiter og anna.

Litteraturhuset i Bergen: Konferanselokala er i Østre Skostredet 5-7. Vi har auditoriet (162 plassar) og Olav H. Hauge-rommet (140 plassar). Lunsj vert servert av Colonialen. Dette vert ein av dei første konferansane på Litteraturhuset etter opninga 31.1.2013. 

 

Konferanseavgift: For alle dagane er avgifta 1100 kroner. For studentar er avgifta 650 kroner. Konferanseavgifta dekkjer pausemat og lunsj levert av Colonialen, alle konferansedagane.

 

Påmelding: Du melder deg på gjennom denne påmeldingssida.

 

Hordaheimen: For overnatting har vi gjort ein avtale med Best Western Hotell Hordaheimen. Dette nynorskhotellet er nyoppussa, og ligg sentralt til i Bergen, ca. fem minutt å gå frå Torget der Flybussen stoppar. For konferansedeltakarar er det ein spesialpris på 825 kr. for enkeltrom og 1025 kr. for dobbeltrom. Prisane er per natt og inkluderer frukostbuffé. Konferansedeltakarane kontaktar hotellet direkte, og viser til konferansen.