Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

News

Teaterarkivet til HF-bygget

Arkivet, som er mest kjent for å romme store Ibsen- og Bjørnson-samlingar, flytte hausten 2013 inn i HF-bygget.

Førstekonsulent Tove Jensen Holmås og professor Tor Trolie.
Foto:
Hilde Kristin Strand

–  Men den store skatten er sufflørmanusa, seier førstekonsulent Tove Jensen Holmås til På Høyden i samband med den offisielle opninga 26. september.

– Her kan ein finna manuskript der sufflørane sjølve har notert med blyant. Me har òg gamle manus som er handskrivne. Skodespelarane fekk ikkje heile manus – det hadde ein ikkje råd til. Dei fekk berre sine eigne replikkar og så stikkord som gjorde at dei visste når dei skulle koma inn, fortel ho.

Les oppslaget i På Høyden.