Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Retningsliner for programstyre for disiplinbaserte studieprogram ved LLE

  1. Programstyret har ansvaret for dei BA- og MA-programma som høyrer til faggruppa, med grunnlag i det mandatet som fakultetet har fastsett
  2. Fagkoordinatoren i faget er automatisk medlem og leiar i programstyret dersom ikkje noko anna vert avtala med instituttleiaren.
  3. Storleiken på kvart programstyre vert fastsett av instuttleiaren i samråd med fagmiljøet og UUI. 
  4. Studiekonsulenten for faggruppa er sekretær for programstyret, med talerett, men ikkje røysterett.
  5. Instituttleiar oppnemner medlemer til programstyret mellom alle fast tilsette i minimum 50 % stilling etter framlegg frå fagmiljøet. Ved forskingsterminar og andre permisjonar oppnemner instituttleiaren vararepresentantar på same måte.
  6. Kvart programstyre har éin eller to studentrepresentantar, svarande til ein representasjon på om lag 20 %. Det respektive fagutvalet (eventuelt instituttutvalet dersom det ikkje finst eit aktivt fagutval) peikar ut studentrepresentanten/-ane.
  7. Alle programstyre bør ha minst eitt møte i semesteret.
  8. Alle  formelt oppnemnde representantar har lik røysterett. Det er røysteplikt i alle vedtakssaker, og vanlege reglar for møtestyring og røysting gjeld. 

 

Desse retningslinene gjeld frå august 2013 etter diskusjon i UUI 2. 9. 2013 (UUI-sak 21/13, O-sak 7).