Hjem
Marin
Marint forskingssamarbeid

Arbeider saman for marin forsking

Norsk Marint Universitetskonsortium (NMU) var i samtalar med European Marine Board i sitt aller første møte. No skal konsortiet jobva vidare mot å verta eit kontaktpunkt til EU.

Norwegian Marine University Consortium
MARINE UNIVERSITET I SAMARBEID: Frå det første møtet i Norskt Marint Universitetskonsortium. Oppe frå venstre: Muk Chen Ong, Ketil Eiane, Beatriz Balino, Nils Ottar Antonsen, Edel Elvevoll. Nedst til venstre: Nils Christian Stenseth, Jarl Giske, Amund Måge, Sheila Heymans, Paula Kellett og Enrique Blanco Gonzalez.

Hovedinnhold

– Ei av dei viktigaste oppgåvene våre famover vert å skapa ein plattform for betre samarbeid mellom universiteta, å dela oppgåvene mellom oss og samarbeida meir om marine utdanningar. Det vikitigaste er at konsortiet skal vera eit kontaktpunkt til forskingspolitikk i EU, gjennom å haeit ord med i laget for korleis den europeiske forskingspolitikken vert utforma, seier professor og dekan Edel Elvevoll. 

Ei røyst frå Noreg

Elvevoll representerer Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet i NMU. Konsortiet er eit institusjonelt samarbeid mellom universitet med tydelege marine og maritime profilar. I mai 2018 møttes styret for første gong, med Universitetet i Bergen som vertskap.

Elvevoll meiner at dei marine vitskapane er for lite representerte i EU sine forskingsprogram.

– Marine problemstillingar må bli ein del av EU sine rammeprogram, meir enn det det er i dag. Konsortiet gir oss ein sjanse til å snakke med ei røyst, utfrå Noreg sine syn på marin forsking, seier Elvevoll. 

NMU sin daglege leiar og nasjonale koordinator, Beatriz Balino (UiB), fortel meir:

– Om konsortiet lukkast er avhengig av at vi finn område eller emne der me kan utfylla kvarandre .Det gjeld både forsking, utdanning og infrastruktur. Står me saman er me sterkare enn om me er åleine. Slik vil synergiar oppstå og me vil verta meir konkurransedyktige, både på internasjonalt og nasjonalt nivå.   

Skal læra av kvarandre

– Det er viktig at univeristeta arbeider godt saman. Utfrå det eg har høyrt i dag er konsortiet samansett av både stor og mindre universitet, som er både "unge" og "eldre". Dei vil læra mykje av kvarandre, seier Sheila Heymans. 

Ho er leiar for European Marine Board (EMB). Styret vart etablert i 1989 og skal identifisera dei store utfordringane innan marin og polar forsking. NMU er ein av tre norske medlemmer i EMB, dei to andre er Havforskingsinstituttet og Forskingsrådet.

Eit større europeisk perpektiv

EMB arbeider for å utvikla marin forsking for framtida, å etablera framifrå analysar og studier. Desse skal brukast i klare råd til nasjonale råd og styresmakter, så vel som europeiske institusjonar. 

– På eit vis er oppgåva vår å sikra at dei norske retningslinjene er meir integrerte med dei europeiske, og å gi universiteta og forskarane eit eit breiare europeisk perspektiv. Det skal verta lettare å snakka med ei røyst frå Noreg, forklarar Heymans. 

Ho har eitt råd til universiteta og arbeidet deira i det marine konsortiet.

– Ikkje vent at resultata kjem straks. Universitet har gjerne ulike måtar å arbeida på. Det kan ta litt tid, særleg når ein ikkje er vane med å arbeida saman. Men eg er heilt sikker på at det er verdt det, avsluttar ho.