Hjem
Hav
Djuphavsforsking

Ein månelanding under isen i Arktis

Eit tverrfagleg team frå Universitetet i Bergen har tatt eit stort steg innan djuphavsutforsking. I eit av dei fjernaste og mest utilgjengelege miljø på jorda har dei teke prøvar og utforska - på det ekstreme havdjupet i Arktis, under isen.

A shot of one of the active vents at Aurora
Biletet viser ein av dei to aktive skorsteinane ved Aurora. To av dei er oppkalla etter ismånane ved Jupiter og Saturn. Den viktigaste "black smoker" ved Aurora (ikkje på biletet) er kalla "Hans Tore Vent", til ære for professor Hans Tore Rapp. Rapp var ein pioner innan djuphavsbiologi ved Institutt for biovitskap, som døde i 2020. Rapp var eit viktig medlem I HACON-teamet.
Foto/ill.:
HACON

Hovedinnhold

HACON 2021-ekspedisjonen har ført saman eit mangfaldig og multinasjonalt team med forskarar på den norske isbrytaren Kronprins Haakon.  Ekspedisjonen var leia av CAGE (UiT) og NIVA. I oktober 2021 klarte UiB-teamet for første gong i historien å utforska og ta prøvar frå unike hydrotermiske skorsteinar på havbotnen, 4000 kilometer ned, ved Aurora-vulkanen, med ein undervatnsfarkost (ROV) med det passande namnet Aurora. ROV-en er eigd av REV Ocean.

Aurora-området ligg under tjukk, permanent arktisk sjøis, på den meir eller mindre uutforska midthavsryggen Gakkel. Aurora var det første varme kjelde-systemet kalla "black smokers" som vart oppdaga på denne ryggen.

Først til å utforske under isen

HACON 2021-ekspedisjonen er den første som har utforska og teke prøvar i eit slikt vulkansk miljø under polarisen. Området vart først oppdaga for 20 år sidan og var uutforska fram til 2014 og -19. Då vitja to ekspedisjonar området på nytt, og stadfesta det med bilete teke frå kamera som vart taua. Desse ekspedisjonane kunne derimot ikkje ta gode nok testar av området på grunn av dei tekniske utfordringane knytt til å arbeida med tjukk drivis. 

At kampanjen var ein suksess legg grunnlaget for ei heilt ny tid innan samarbeid og utforsking av havdjupa og i Arktis og forsking, meiner teamet. 

kronprins haakon

Det norske forskingsskipet og isbrytaren Kronprins Haakon gjorde utforskinga under isen mogeleg.

Foto/ill.:
HACON

Teamet meiner at tilgang til dei unike prøvane frå havdjupet vil gi avgjerande og grunnleggjande kunnskap om dette urørte og uutforska økosystemet på havdjupet. Dei meiner forskinga vil vere heilt sentral når den venta starten på kommersielle aktivitetar i Arktis kjem, som ein konsekvens av at isen trekk seg tilbake. UiB-teamet er sett saman av forskarar, ph.d.ar, og ROV-ingeniørar frå Institutt for biovitskap og Institutt for geovitskap ved UiB.

Inspirerer til utforsking i verdsrommet

Ekspedisjonen set seg særleg mål om å finne ut meir om fauna ved Aurora har utvikla seg i isolasjon i Polhavet, eller om det er knytt til livet i andre havbasseng. I tillegg er det å kunne hente prøvar frå ein slik sjeldan hydrotermisk skorstein under eit isdekka hav eit stort teknologisk sprang fram når det gjeld å utforske isdekka hav andre stader i solsystemet, slik som dei ein veit eksisterer på månane Enceladus og Europa. Aurora-prøvane kan ikkje berre seie noko om korleis det tidlege livet på jorda oppstod, men også inspirere leitinga etter utanomjordisk liv rundt hydrotermiske skorsteinar i solsystemet vårt.

Temaet er støtta av Noregs forskingsråd, og planlegg no å analysere dei mange prøvane dei har teke av væsker med høg temperatur, skorstein-strukturar, sediment og fauna i geokjemiske, mikrobiologiske og økologiske undersøkingar, noko som vil gjere det mogeleg å utforske og skildre denne tidlegare løynde staden i detalj. Temaet består av Ida Helene Steen, Pedro Ribeiro, Eoghan Reeves, Stig Vågenes, Samuel Pereira, Emily Denny, saman med John Jamieson frå Memorial University of Newfoundland, Canada.

Temat ser fram til å undersøke det unike geokjemiske, mikrobiologiske og faunamessige mangfaldet i systemet når dei kjem tilkbake til Bergen. Dei skal samarbeide med multinasjonale HACON-partnerar frå UiT Norges Arktiske Universitet, Norsk institutt for vatnforsking, Havforskingsinstituttet, REV Ocean, Memorial University of Newfoundland, University of Aveiro, Woods Hole Oceanographic Institution, NASA-Jet Propulsion Laboratory og Alfred Wegener Institute.