Hjem
Matematisk institutt

University of California - Berkeley

Universitetet i Bergen vil (våren 2014) inngå ein utvekslingsavtale for studentar som studerer matematikk med eit av dei beste universiteta i verda, University of California - Berkeley i USA.

Vi vil tilretteleggje denne avtalen slik at det vil bli enkelt for deg som student å reise ut. Tenkjer du å reise til Berkeley haust 2014 eller vår 2015 så ta kontakt med Studieveileder@math.uib.no om du har spørsmål. Meir informasjon om avtalen og innhaldet vil bli lagt ut på nettsida så snart det er klart.

Informasjon om University of California - Berkeley

På nett:   

Byen og universitetet

Berkeley er ein liten by aust i San Francisco Bay med om lag 100 000 innbyggjarar. Berkeley er kjend som ein av dei mest liberale byane i USA, mykje på grunn av universitetet sin dominerande rolle i bymiljøet. UCB har om lag 33.000 studentar og er blant dei mest framifrå universiteta i USA.

Studietilbod

Bachelorstudenter på bachelorprogrammet i matematiske fag, og i nokon tilfeller masterstudentar, kan søkje seg til UCB gjennom denne avtalen. Det er mogeleg å reise både i haust- og vårsemesteret. UIB-studentar søkjer om opptak til delstudier ved Department of Mathematics. Ein matematisk kursportefølje er obligatorisk for alle studentar. Studia gjev ei utteljing på 15 credits per semester, normalt tilsvarande 30 studiepoeng i Noreg.

Meir informasjon om kursporteføljen vil bli lagd ut når avtalen med Berkeley er formelt inngått.

Bustad

Det kan vere greitt å førebu seg på at det å bu i og rundt Berkeley er relativt dyrt.

Ein kan få eit inntrykk av prisar ved å sjekke craigslist. Det finst i tillegg private bustadformidlarar som mot ei mindre avgift gir deg tilgong til lister over ledige husvære.

Det finst eit kontor ved universitetet som hjelper studentane med å finne bustad. I den grad det er ledig kapasitet kan studentar på matematikkprogrammet få tilgong på studentbustadar ved UC Berkeley eller på International House, men det kan vera billegare å bu utanom studentbustadane. Kontoret har lister over ledige bustadar på den private marknaden, og dei låner ut PC og telefonar for å gjere det enklare for deg å leite.

Ein kan og kontakte ”Housing Coordinator” på e-post.

YMCA
Nokre studentar vel å bu på YMCA mens ein leitar etter ein plass å bu. YMCA ligg eit kvartal unna hjelpekontoret og BART-stasjonen i Berkeley. YMCA har alt fra einmanns- til seksmannsrom. Ein må reservere rom i god tid før ein kjem ril Berkeley då det ofte er fullt ved semesterstart. Det er også mogleg å bu på YMCA på permanent basis.

Du kan sende e-post til "The Y" for å reservere eller få meir informasjon.

Studieplassar og studieavgifter

Studieavgifter for studentar som tek 15 credits per semester ligg for studieåret 2015/16 på USD 10 950 pr semester. Grunnpris er  730 USD pr credit unit

Dette er langt under Berkeleys ordinære skulepengesatsar.

Lånekassen kan gje deg ekstra støtte til å dekke desse utgiftene.

Språk

For studentar med norsk vidaregåande skule, eller vidaregåande skuleutdanning frå Nord-Europa, vil det bli gitt dispensasjon frå TOEFL-testen og frå tilsvarande språktestar.

Campus

Studentane som kjem til UC Berkeley får tilgong på ei rekkje andre fasilitetar ved universitetet, mot betaling av avgifter. Blant desse er idrettsanlegg og bibliotek som begge held høg standard.