Hjem
Matematisk institutt

Technische Universiteit van Eindhoven - Nederland

TU/e tilbyr kurs spesielt retta mot studentar som spesialiserer seg i anvend og utrekningsorientert matematikk

Hovedinnhold

Nettsida til Technische Universiteit van Eindhoven

Nettsida til Department of Mathematics and Computer Science

Nettsida for studentar som ønskjer å studere ved Department of Mathematics and Computer Science

Kursa på bachelornivå i matematikk ved TU/e er hovudsakleg på nederlandsk. Difor anbefaler vi at studentar som ønskjer å reise til Eindhoven førebur seg på at dei må ta masterkurs (som er på engelsk). Utveksling til Eindhoven passar difor best for studentar som er i siste fase av bachelorgraden eller i starten på mastergraden i anvend og utrekningsorientert matematikk. TU/e har ei liste på nettsida si over kva fag som normalt vert gitt kvart semester. Den finn du her

Studentar som ønskjer å dra på utveksling til TU/e må søkje direkte til instituttet der dei ønskjer å ta fag. Det vert gjort etter at dei er nominert av Universitetet i Bergen. Meir informasjon om det finn du her.

TU/e har ei informasjonssida for potensielle nye internasjonale studentar kor dei har samla informasjon om både det faglege og sosiale som mange studentar lurar på. Sida finn du her.

Har du spørsmål om avtalen med TU/e eller vil du gjerne vite meir om mogligheitene ved å dra til Eindhoven? Ta kontakt med studierettleiar på mail eller kontakt Florin Radu som er fagleg ansvarleg for avtalen her ved Universitetet i Bergen.