Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Kommunikasjon

Asbjørn og Jens hjelper deg

Vil du nå ut med forskingsresultata dine, rekruttere dei beste studentane eller har noko anna å melde? Ta kontakt med MatNat-fakultetet sine to kommunikasjonsrådgjevarar.

Asbjørn Leirvåg, Jens H. Ådnanes
KOMMUNIKASJON PÅ FAKULTETET: Asbjørn Leirvåg og Jens Helleland Ådnanes er kommunikasjonsrådgjevarar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Foto/ill.:
Jan Kåre Wilhelmsen, UiB

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ynskjer at forskinga og utdanninga skal verte endå meir synleg og satsar på meir kommunikasjon. I 2016 fekk fakultetet sin første kommunikasjonsrådgjevar,  Asbjørn Leirvåg.

No er talet på kommunikasjonsrådgjevarar dobla, etter at  Jens Helleland Ådnanes  vart tilsett i januar 2017.

Begge to har etterkvart god kjennskap til fakultetet, men håpar mange vil ta kontakt med dei.

– Det skal vere lett å ta kontakt med oss. Vi skal vere ressurspersonar for alle som vil nå ut med forskingsresultat, studentstoff eller få blest om spanande fagkonferansar. I tillegg jobbar vi mykje med å styrke den interne kommunikasjonen, seier Asbjørn.

Medan Asbjørn kjem frå ei journaliststilling i TV2, har Jens dei siste åra arbeidd ved Kommunikasjonsavdelinga ved UiB. Han ser fram til å kome tettare på folka og miljøa på fakultetet.

– Eg håpar forskinga og utdanninga ved fakultetet kan nå endå fleire! Å arbeide som kommunikasjonsrådgjevar ved MatNat er eit luksusproblem – det er ikkje langt mellom dei gode sakene og prosjekta, seier Jens.