Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Presenterte romforsking frå UiB for FN

Nikolai Østgaard presenterte Noreg og Birkelandsenteret sine bidrag til romforskinga for Dei sameinte nasjonane.

Nikolai Østgaard i FN
BERGENSK FORSKING I FN: Nikolai Østgaard, senterleiar for Birkelandsenteret for romforskning, fekk høve til å fortleja om forsking frå UiB og Noreg til Dei sameinte nasjonane.

Hovedinnhold

Nikolai Østgaard snakka nylig i FN sin underkomité for bruk av og forskning på verdsrommet. I løpet av femten minutt presenterte han Birkelandsenteret samt Noreg sine bidrag til romforsking og kva installasjonar Noreg har på bakken.  

Østgaard er professor og leiar for det internasjonale Birkelandsenteret for romforskning ved Universitetet i Bergen. Han forklarer at komiteen The Committee on the Peaceful Uses of Outer Space (COPUOS) definerer lovgjevnad for bruken av det ytre rommet, og er eit politisk organ, med fleire juristar.

– Nokon vil nok legge merke til det eg sa, seier Østgaard.

Underkomiteen ligg under FN-komitéen COPUOS, som arbeider for å skapa internasjonalt samarbeid i bruk og utforsking av verdsrommet.  

Birkelandsenteret sine forskarar er opptekne av koplinga mellom jorda og verdensrommet via polane, og forskar mellom anna på røntgen og gammaglimt, elektrisk ladde strømpartiklar i rommet og om partikkelskurar frå rommet kan påvirke kjemien i  klimasystema på jorda.

I 2012 fekk senteret staus som Senter for framifrå forsking, Forskningsrådet sitt beste  virkemiddel for å løna kvalitet i norsk forsking.

Østgaard var invitert i kraft av si rolle som nasjonal representant for programmet SCOSTEP.