Studierett for HVL-studenter
HVL-studentar innan nokre fagområder kan ta emne ved MN-fakultetet, medan studentar frå andre utdanningsinstitutasjonar dessverre må søke seg inn gjennom samordna opptak for å ta emne ved MN-fakultetet.
Studentar frå andre utdanningsinstitusjonar enn HVL må søke seg inn gjennom samordna oppptak for å ta emne ved MN-fakultetet.
UiB og HVL har innan enkelte fagområder eit tett samarbeid. Som HVL-student er du derfor velkommen til å ta enkelte emne ved MN-fakultetet.
Det er ulike framgangsmåte for dei ulike fagområda:
Kjemi
Fysikk
Emna PHYS109, PHYS114, PHYS118 og PHYS119 er opne for studentar frå HVL, men mest aktulet for studentar på ingeniørstudiet i elkraftteknikk eller automatiseringsteknikk.
For opptak til desse emna, send e-post til studie.fysikk@uib.no innan:
- 20. august for haustsemesteret
- 20. januar for vårsemesteret
Informatikk
Emna INF225 og INF226 er opne for studentar frå HVL, men mest aktuelt for studentar på ingeniørstudiet i data.
For opptak til desse emna, send e-post til studieveileder@ii.uib.no innan:
- 20. august for haustsemesteret
- 20. januar for vårsemesteret
Master i innovasjon og entreprenørskap
Studentar med ein realfagleg bachelor kan få godkjent aktuelle emne ved MN-fakultetet som ein del av mastergrada deira.
For opptak, ta kontakt med rådgiver på Avdeling for ingeniør- og økonomifag innanfor desse søknadsperiodane:
- 1. august-25. august for haustsemesteret
- 1. januar-25. januar for vårsemesteret
Dess tidlegare i søknadsperioden studenten søker, dess større sjanse for å få plass på emna ein ønsker å ta.