Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Nyheter

Veterinærinstituttet opnar lokale på Marineholmen

Marineholmen veks stadig som eit sentrum for marin forsking, utdanning og forvalting i Bergen, med Veterinærinstituttet som eit av dei nyaste tilskota.

39194498491_02cda4356d_k.jpg

Laks i kum, Lakselussentert , Universitetet i Bergen
SAMARBEID PÅ MARINEHOLMEN: Både Veterinærinstituttet og Universitetet i Bergen håpar på tettare samarbeid om både forsking og utdanning innan fiskehelse.
Foto:
Eivind Senneset

Torsdag 15. februar opna Veterinærinstiuttet (VI) dørene til dei nye lokala på Marineholmen.

– Grunnen til at vi flyttar er at vi treng nærleiken til dei andre aktørane, både forsking og forvalting, til dømes Mattilsynet, seier Gaute Lenvik, administrerande direktør i VI.

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk forskingsinstitutt. Deira viktigaste funksjon er beredskap og kompetanseutvikling for å avverga helsetruslar mot fisk, dyr og menneske. Det statlege eigarskapet er lagt til Landbruks- og matdepartementet. Instituttet utfører også oppgåver for Nærings- og fiskeridepartementet. 

 Til no har instituttet hatt bergenslokale på Bontelabo. Direktøren ser positivt på dei nye og moderne lokala på Marineholmen, der over 150 verksemder og tusenvis av menneske har sitt daglege virke.

– På Bontelabo vart vi nok litt isolerte, seier han.

Han trur at nærleiken til forskingsmiljøa på Marineholmen skal skapa betre tilhøve for forsking på fiskehelse, og peiker på dei landbaserte oppdrettsanlegga (RAS-anlegga) på Marineholmen som viktig.

– Vi kan auka både forskingsaktiviteten og forskingssamarbeida våre. Det er mykje å henta på tverrfagleg samarbeide, seier Lenvik.

Ser fram til samarbeidet

Frank Nilsen, leiar av Lakselussenteret ved UiB, er ein av dei som ser fram til at det vert fleire som forskar på fiskehelse. Han påpeiker at det alt har vore godt samarbeid mellom dei to.

– Veterinærinstituttet er ein viktig aktør innan fiskehelse. For oss som jobbar med forsking og utdanning på feltet er det betre dess fleire me er. Ikkje minst er instituttet ein viktig plass der studentane våre kan få praksis,  seier han.

Heidrun Inger Wergeland er samd. Ho fortel at UiB og Vi har underteikna samarbeidsavtale. Wergeland er professor på Institutt for biovitskap.

Viktig for studentane

I likskap med Nilsen meiner ho at både forsking og masterutdaning kan verta viktige samarbeid framover.

– Instituttet har materiale og erfaring frå sentrale delar av fiskehelse som UIB ikkje har eller berre delvis har. Gjennom det diagnostiske og epidemiologiske arbeidet på VI har dei unik erfaring på fleire områder, dette gjeld også patologi, seier Wergeland.

Wergeland legg til at svært mange fiskehelsebiologar kjem i nær kontakt med VI etter endt utdanning.

Det er Anne Tjessem eit godt døme på. Ho er tidlegare masterstudent ved UiB, som no samarbeider med Veterinærinstituttet gjennom arbeidsgjevaren sin Grieg Seafood. Ho skreiv masteroppgåve om bakteriesjukdommen Pasturella, som ein så langt ikkje har klart å laga ein vaksine mot.

– Mi oppgåve var å dyrka Pasturella, og finna ut kva bestanddelar i blodet bakterien treng.

Ho fann ingen vaksine, men lærte mykje i løpet av studiet.

– Masteroppgåva var ganske basic bakteriologi. Gjennom studiene driv ein grunnforsking og lærer både teknikk og metodane. Det var spanande å jobba med næringsretta forsking.

Fekk jobb før masteren var ferdig

Tjessem fekk jobb eit halvt år før ho var ferdig med masteroppgåva, først i Fishguard, seinare i Grieg Seafood Finnmark. No bur ho i Alta i Finnmark.

– Om ein er fiskehelsebiolog er det ikkje vanskeleg å få jobb, særleg om ein er klar for å flytta på seg.

Gjennom Grieg Seafood samarbeider ho for tida med Veterinærinstituttet i ei fiskehelsestudie som ser på laks. Ho fortel at ho fungerer som eit bindeledd mellom forsking og næring i styringsgruppa i prosjektet.

– Fiskehelse er eit praktisk fag, og eg får jobba med forsking i felt.