Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Prisar og utmerkingar

Finn Gunnar Nielsen får internasjonal energi-pris

Professor Finn Gunnar Nielsen får prisen "Recharge Floating Wind Power Player of the Year". Det er første gong prisen vert delt ut.

Finn Gunnar Nielsen

Finn Gunnar Nielsen
PRIS FOR VIND: Professor Finn Gunnar Nielsen får den aller første "Floating Wind Award".
Foto:
Jens Ådnanes

Prisen "Recharge Floating Wind Power Player of the Year" vart delt ut i Marseille 24. april 2018. Prisen skal gå til aktørar innan bransjen hav-vind, skriv nettstaden rechargenews.com (krevjer pålogging).

Finn Gunnar Nielsen, som er professor ved Geofysisk institutt, starta i 2002 ei gruppe som såg nærare på korleis vindturbinar kan plasserast på stader med djupt vatn. Prosjektet starta i Norsk Hydro. I 2009 vart prosjektet realisert gjennom the Hywind Demo. I oktober 2017 opna verdas første kommersielle flytande vindpark utanfor kysten av Skottland. Hywind Scotland sine fem 125 meter høge vindmøller flyt i havet og kan vere dei første stega i ei ny bølgje innan fornybar energi.

– Det er ikkje så mange stader vi har slike areal, og då må vi tenkja flytarar, det løyser ut enorme nye område. Store befolkingssentra med djupt hav eller fjord og gode vindtilhøve er ideelle stader for denne bruken. 

Det sa Finn Gunnar Nielsen då han i mars vart tildelt Norges tekniske vitenskapsakademis ærespris for teknologisk forskning.

Prisutdelaren skildrar Nielsen og dei andre nominerte til prisen som “visionaries that dared to see floating wind not as an engineering experiment, but rather as a future means of generating what the authors of the recent Carnegie Institution for Science study into deep-ocean wind called “civilisation-scale energy production”.