Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

BiORAKEL fekk Læringsmiljøprisen

Gjennom BiORAKEL får nye studentar hjelp og støtte av dei meir erfarne. Det er første gong studentar får Læringsmiljøprisen.

Læringsmiljøprisen 2018
PRIS TIL STUDENTANE: biORAKEL fekk årets Læringsmiljøpris.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes

Hovedinnhold

BiORAKEL er ein møtestad for alle som studerer biologi, der ein kan diskutera tekstar og få hjelp og faglege råd av dei meir erfarne studentane. Onsdag 5. september vart orakla overraska med pris på førelesing.

Dei var inviterte til årets første førelesing i BIO100 for å presentera seg for dei nye studentane, men byrja å fatta mistanke då vireserektor for utdanning, Oddrun Samdal dukka opp.

Studentdriven læringsvinnar

Kvart år deler nemleg Universitetet i Bergen ut Læringsmiljøprisen. Den skal vera ein ros og anerkjenning til dei som klarar å skapa eit best mogeleg miljø for at studentane skal læra.

– Det var ein hard konkurranse, men til slutt vart juryen samde om at biORAKEL skal få prisen i år, gratulerte Samdal dei lett overraska vinnarane.  

Sterkt studentengasjement

biORAKEL er drive og starta opp av studentane sjølve, vidarekomne bachelorstudentar og masterstudentar. Prosjektet kom i gong då BioCEED saman med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) lyste ut stipend til studentdrivne prosjekt. bioCEED utdannar biologar og har status som Senter for framifrå utdanning.

Eit av orakla, masterstudent Endre Lygre, har vore med sidan starten og mottok prisen.

– Det er fint å få ei anerkjenning på det viktige arbeidet som me gjer. Det er mange som har vore med for å få dette til.

Studentane som deltek som orakel fortel at dei får mykje ut av det, både fagleg og sosialt, i følgje Lygre. Det same fortel dei som får orakelstøtte.

– Det er travelt til tider, men veldig givande. Ein gong var eg berre innom biORAKEL og skulle eigentleg til tannlegen, men det var så triveleg å vera der at eg gløymte heile tannlegen, ler han.

Hard konkurranse

I år var det fjorten kandidatar til Læringsmiljøprisen. Dei vert vurderte av ein jury, som i si uttaling seier det var vanskeleg å kåra ein vinnar mellom mange gode kandidatar frå heile UiB. Til slutt kom dei fram til at bioRAKEL var den kandidaten som traff formålet med prisen aller best.

Juryen skildrar bioRAKEL som eit resultat av eit sterkt studentengasjement og  "et tiltak som har hatt en svært positiv betydning for læringsmiljøet på tvers av fagretninger og kull ved instituttet, allerede etter relativt kort tid. Det antas å ha betydelig overføringsverdi."

Prisen er på 50.000 kroner. Kva skal biORAKEL bruka dei pengane til?

– Vi får masse vafler for det! Kanskje vi skal satse på å laga verdas beste vaffelrøre, seier Endre Lygre.