Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Utdanning

Framhever UiB-senter som rollemodell

Regjeringa vil bruka 25 millionar kroner på nye Senter for framifrå utdanning i Noreg. bioCEED ved Universitetet i Bergen er ein rollemodell for nytenkjande utdanning, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Iselin Nybø
MINISTER PÅ BESØK: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø besøkte bioCEED-studentar på laben.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

Nybø vitja bioCEED-studentar i eit av miljøa dei trivst best i: på laboratoriet på Marineholmen. Ministeren fekk både sett inni og utanpå fiskane, og ikkje minst høyrt frå studentane sjølve korleis det er å studera ved Senteret for framifrå utdanning. 

– Dei var svært nøgde, berre så det er sagt, sa Nybø. 

Ministeren for forsking og høgare utdanning nytta også høvet til å fortelja at regjeringa vil løyva 25 millionar kroner til kvalitet i høgare utdanning, og at ho ynskte at pengane skulle gå til fleire  for framifrå utdanning (SFU). 

Utdannar framtidas biologar

bioCEED utdannar biologar som skal løysa dei utfordringane me står ovanfor i framtida. Difor legg dei vekt på å utvikla kurs og utdanningar der studentane si utdaning vert kopla tett med vitskapleg kunnskap, praktiske ferdigheiter og samfunnsrelevans. 

– Som student ved bioCEED sette eg særleg pris på praksisen me fekk, til dømes var me tidleg i laboratoriet, sa den tidlegare studenten Ragnhild Gya til Nybø.

Gya, som no er ph.d., peikte også på den tette kontakten mellom erfarne og nye studentar i biORAKEL som nyttig ved studiet. BiORAKEL er ein møtestad for alle som studerer biologi, der ein kan diskutera tekstar og få hjelp og faglege råd av dei meir erfarne studentane. I september fekk ordninga Læringsmiljøprisen.

Ny filosofi rundt læring

bioCEED er tilknytt Institutt for biovitskap. 

– bioCEED har vore ein suksess på grunn av den tydelege tilknytinga til instituttet. Det er eit svært aktivt og progressivt miljø, med ein ny filosofi rundt sjølve undervisinga. Ein har ei forskande tilnærming til undervising og skapar ein ny læringskultur, sa instituttleiar Ørjan Totland i ei samtale med Nybø. 

Oddrun Samdal påpeikte at SFU-en er ei rettesnor for korleis ein vil påverka utdaninga på resten av UiB. Samdal er viserektor for utdanning ved universitetet. 

– Når vi lagar handlingsplanar for utdanning er bioCEED ein spydspiss for korleis vi skal innretta utdanninga på heile UiB, sa Samdal. 

Ein rollemodell

Nybø påpeikte korleis bioCEED bør vera eit føredøme for fleire. 

– Alle fagområde kan ikkje få sitt eige senter for framifrå utdanning. Då er det viktig at bioCEED kan vera ein rollemodell både i Bergen og for andre, meinte ministeren. 

bioCEED og undervisarane der er tett knytt til "The Scholarship of Teaching and Learning" (SOTL), ei viskapleg tilnærming til undervisinga. I oktober er bioCEED og Universitetet i Bergen vertskap for konferansen International Society for the Scholarship of Teaching and Learning. Den samlar 650 universitetsundervisarar, undervisingsforskarar og studentar frå heile verda for å  diskutera korleis ein skapar god læring.