Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

PÅ VEG 2018

PÅ VEG: Kva er målet med studiet ditt?

Nyttig informasjon om karrieremoglegheiter, utveksling og masterprogram.

På veg

Torsdag 11. oktober - KICK OFF for PÅ VEG

Få viktig informasjon om eksamen og PÅ VEG. Føredrag om studie- og karriereplanlegging.

TIDKVAKOR
Kl. 12.15-13.00Alternativ 1Auditorium 1, Realfagbygget
Kl. 13.15-14.00Alternativ 2Auditorium 1, Realfagbygget

Tysdag 16. oktober - Tenk karriere!

  • Kl. 11.00–12.00 Samling i klassane (gjeld berre førsteårsstudentar)
    Du som er ny student skal saman med resten av klassen din jobbe aktivt med din eigen studie- og karriereplan. Det er viktig at du er bevisst på dine eigne mål med studiet – det vil hjelpe deg til å halde motivasjonen opp gjennom heile studiet. Sjå kalender i Mitt UiB og skilting i Realfagbygget for kva rom du skal møte i.
     
  • Kl. 11.45-14.00 Infotorg
    Infotorg i U. etg. og 1. etg. i Realfagbygget. Her vil du møte institutt og avdelingar på UiB, bransje- og interesseforeningar, og fagutval. Bruk høvet til å stille spørsmål og få vite meir om dine moglegheiter til å engasjere deg under studiet eller få deg relevant deltidsjobb!
     
  • Kl. 12.00 Utdeling av Undervisningsprisen
    I vrimelearealet i 1. etg. Her blir det også servering av bollar og jus.
  • Kl. 12.30–14.30  ”Min veg”-føredrag i Realfagbygget
    I dette tidsrommet vert det 4 parallelle sesjonar med ulike føredrag, i Aud. 1-4 i Realfagbygget. ”Min veg”-føredraga er tidlegare studentar som fortel om si studietid og nåverande jobb. Det vil vere eit føredrag for meste kvart bachelorprogram - bruk sjansen til å høyre om andre sine erfaringar og tips for eit godt studieliv. 
  • Kl 14.30-14.45 Fordelar med ein mastergrad (Aud. 2 i Realfagbygget): Fakta og statistikk om arbeidsmarknaden for realistar (Eivind Olsvik, SAMMEN)
  • Kl 14.45-15.00: Frå bachelorstudent til masterstudent: Alt du trenger å vite om søknadsprosessen til master (Ingrid Solhøy, UiB)

Sjå her for ein oversikt over alle "Min Veg"- føredrag

 

Realfagbygget Kl. 12.30-13.00 - MIN VEG- føredrag paralellsesjon 1

Informatikk: Det ingen fortel deg (Auditorium 1)
Patrick Monslaup begynte å studere datateknologi på UiB i 2011 og vann NM i programmering i 2014. I studietida jobba han som hjelpelærar og IT-assistent og på fritida var han aktiv i fagutvalet og fadderstyret. I dag jobbar han som systemutviklar i Knowit.

I føredraget vil han dele dei beste tipsa som ingen fortalte han, både om korleis du kan få mest ut av studietida og kva erfaringar han i ettertid har dratt mest nytte av. Vidare vil han fortelje om overgangen til arbeidslivet, kva arbeidsgjevar ser etter, og kva utfordringar han møter som utviklar i Nordens største digitalby.

Fiskehelse: Førebyggjande fiskehelse – stadig nye utfordringar (Auditorium 2)
Mari Aas Solheim har ein mastergrad i fiskehelse frå UiB, der ho hadde ei veldig spanande masteroppgåve i fiskeimmunologigruppa. Mari jobbar i dag som Technical Manager i PHARMAQ og jobbar med kundeoppfølging i samband med sjukdom hjå oppdrettsfisk i Noreg og Norden. Det er varierte arbeidsoppgaver, og både felt- og kontorarbeid. Nye oppdrettsarter og nye sjukdomsutfordringer gjer at arbeidskvardagen er allsidig, og byr på mange utfordringar.

I føredraget vil Mari fortelja om sine år som student, og om korleis studiet hjalp ho på veg mot arbeidslivet.

Fysikk: Atomfysikar i samferdselssektoren (Auditorium 3)
Stian Astad Sørngård har ein mastergrad i optikk og atomfysikk i tillegg til ein doktorgrad frå UiB. Etter studiet jobba Stian hjå oljeserviceselskapet Ziebel AS. Stian jobbar i dag som prosjektleiar for forsking- og utviklingsprosjekt i Trafsys AS. Trafsys leverer intelligente trafikkstyrings- og overvakingssystem til vegsektoren.

Matematikk: Ein matematikar i finansbransja (Auditorium 4)
Tommy Odland har ein mastergrad i anvendt matematikk frå UiB og under studietida jobba han for ENT3R, eit program der studentar hjelper elevar med realfag. I dag jobbar Tommy som risikoanalytikar i Sparebanken Vest. Tommys arbeidsdagar som analytikar er varierte, og inneholder mellom anna skriving, programmering, administrative oppgaver og sjølvsagt og analyse av data. Meir generelt er det mange moglegheiter for dei med bakgrunn frå realfag innanfor finans, og dette skal Tommy snakke om!

Folk med realfaglig bakgrunn jobber med alt frå datamodellering, statistikk, programmering, rapportering, dokumentasjon, maskinlæring og optimering - alt innanfor finans. På føredraget skal Tommy snakke om sitt studieløp, kvardagen som risikoanalytikar, kva for jobbar som fins innanfor finans, og tips til noverande studentar.

 

Realfagbygget Kl. 13.00-13.30 - MIN VEG- føredrag paralellsesjon 2

Biologi: Leiar for Fôrstudio (Auditorium 1)
Marita Laupsa har ein bachelorgrad i biologi og ein mastergrad i havbruksbiologi frå UiB og jobbar no som fôrleiar hjå Erko Seafood. Arbeidet består av mange utfordringar, med mellom anna rapportering av fôringstall, oppfølging av lokalitetar og planlegging av framtidig drift ved fôrstudioet. 

Marita vil fortelje om gode år på UiB, men óg om ein utfordrande start på studiet. Vidare fortel ho om korleis ho nådde målet sitt om ein fullført mastergrad i havbruksbiologi og korleis vegen frå nyutdanna via Havforskningsinstituttet og til leiar for eit nyoppstarta fôrstudio hjå Erko Seafood har vore.

Kjemi: Kjemikar med eit hav av moglegheitar (Auditorium 2)
Malin Kleppe har ein mastergrad i kjemi frå UiB og starta i august opp i ny jobb som forskar på Havforskningsinstituttet med hovudfokus på tang og tare. Jobben byr på mange spanande arbeidsoppgåver og inkluderer feltarbeid, laboratorium og rådgjeving.

Malin kommer til å fortelje om studietia og om vegen til jobben ho har idag.

Medisinsk teknologi: Strålande karriere som fysikar på sjukehus (Auditorium 3)
Njål Brekke har ein bachelorgrad i fysikk, årsstudium i japansk, master i elektronikk og målevitenskap og doktorgrad innan medisinsk fysikk frå UiB. I dag jobbar han ved Senter for Nukleærmedisin og PET på Haukeland Universitetetssjukehus der arbeidet består av radioaktiv stråling, kvalitetskontroll, dataanalyse, instrumentering, produksjon av legemiddel og utvikling.

Havteknologi: Utforsking av havet med lyd og teknologi (Auditorium 4)
Geir Pedersen har hovudfag (master) i hydroakustikk frå UiB og jobbar i dag som forskar på Christian Michelsen Research (CMR)/NORCE Norwegian Research Centre, med eit breitt spekter av prosjekt som tek i bruk akustikk og teknologi både under og over vatn. Geir fortel at sjølv om hovudfaget ikkje var direkte knytta til havteknologi, opna det opp vegen for å jobbe videre med teknologi relatert til havnæringane. 

Geir vil fortelje om studiene, om fordelane med å vere aktiv utover studiet, og om å jobbe med havteknologi ved eit forskningsinstitutt.

 

Realfagbygget Kl. 13.30-14.00 - MIN VEG- føredrag paralellsesjon 3

Molekylærbiologi: Molekylærbiologi og framtida (Auditorium 1)
Morsal Saba har ein bachelorgrad og ein mastergrad i molekylærbiologi frå UiB og jobbar i dag som forskingsteknikar i Fishguard. Arbeidsoppgåvene hennar som ein forskningsteknikar går ut på å gå gjennom ulike typar dyr i prøver tatt for marine miljøundersøkingar og overvakning. Morsal vil fortelje om tida si som student og alle studentorganisasjonane ho var med i ved sida av studiet, i tillegg til jobben ho har i dag.

Geovitskap: Geolog i oljebransja (Auditorium 2)
Mette Lundberg har ein bachelorgrad og ein mastergrad i geologi, med spesialiserig innan sedimentologi og petrologi frå UiB. Mette jobbar i dag som leitegeologi i Equinor og har fått vere med på mange varierte og spanande prosjekt på både Norsk og Colombiansk sokkel.

Som leitegeolog i Noregs største energiselskap, har hun fått tatt del i mange varierte og spanende prosjekt. I dei prosjekta har kunnskapen ho tileigna seg på UiB vore essensiell for å lykkast, og då spesielt kunnskapane innan sedimentologi og strukturgeologi. I tillegg har prosjekta opna nye dører, der Mette har fått moglegheit til å spesialisere seg og ta kurs innan eit helt nytt felt, organisk geokjemi. 

Mette vil fortelle om flotte år på universitetet som student og om sommarjobbane ho fekk som følge av utdanninga.

Petroleum- og prosessteknologi: Frå skippartak til Equinor (Auditorium 3)
Rebecca Kjørvik-Abbedissen har ein bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi og ein mastergrad i prosessteknologi frå UiB. Rebecca var på mange måtar ikkje ein idealstudent, men klarte likevel å kapre drømmejobben som Graduate i Equinor.

Hun vil fortelje om si stilling som graduate i Equinor, der ho jobbar med sikkerhet og berekraft. Her deltek ho i arbeidsoppgåver som varierar frå å forstå og forhindre hendingar som utslepp av olje, gass og kjemikaliar, til berekraftsrapportering. I tillegg bidreg ho i arbeid med å bistå dei ulike avdelingane med å redusere utslepp av klimagassar. 

Equinor er eit selskap som stadig fornyar seg, noko som kan by på utfordringar, men mest av alt særs mange mogleheiter til å utvikle seg sjølv - og dei vil Rebecca fortelje om.

Atmosfære-, klima- og havfysikk: På veg bort frå lesesalen (Auditorium 4)
Håvard Espenes har studert meteorologi og oseanografi ved UiB og jobbar no som oseanograf for Akvaplan-niva AS. Håvard vil snakke om studietida si der han var aktiv i fagutval, reiste på utveksling til Sentral-Europa og om korleis det er å skrive masteroppgåve utenfor UiB, hjå Akvaplan.

Til slutt vil han gi et innblikk i kva arbeidsoppgåver som fyller kvardagen for oseanografane hjå Akvaplan. 

 

Realfagbygget Kl. 14.00-14.30 - MIN VEG- føredrag paralellsesjon 4

Lektor og PPU: Yrke: lærar (Auditorium 1)
Espen Tangnes har tatt integrert lektorprogram med geofag, kjemi og naturfag ved UiB og jobbar no som realfagslærar på St. Paul gymnas. Espen vil fortelje om eigne erfaringar frå studietida og korleis det var å vere aktiv i studentmiljøet, i tillegg til korleis det er å jobbe som realfagslærar. Espen vil prøve å formidle korleis det fyrste møtet med læreryrket har vore, og vise både til nokon utfordrande, men óg alle de fantastiske sidene ved yrket. Dette er og noko han og en tidligere medstudent gjer gjennom ein eigen podcast om det å vere ny i læraryrket; Lektorpodden. 

Etter føredraget vil studiekonsulent Marianne Jensen fortelje om praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og moglegheitane for realistar til å få undervisningskompetanse gjennom PPU.

Statistikk/Aktuar: Data science i finans og forsikring (Auditorium 2)
Anders D. Sleire har en mastergrad i statistikk frå UiB og er no næringsfinansiert Ph.D.-student i statistikk og jobbar som Data Scientist i Tryg. Anders vil dele erfaringar frå kvardagen som Data Scientist i eit av dei største forsikringsselskapa i Noreg.

Han vil komme med konkrete tips til dei som kunne tenke seg ei karriere innan maskinlæring/AI og dataanalyse. Kandidatar som har eit sterkt teoretisk fundament og evne til å implementere metodene med koding står sterkt i dagens arbeidsmarknad. Ein vil og ha stor fleksibilitet, og få moglegheiter til å prøve seg i ulike bransjer. I tillegg til å fortelje om sitt arbeid i Tryg vil Anders seie litt om kva erfaringar frå tidlegare studium og arbeidslivet som gjorde det enklare å gjennomføre studiet som planlagt.

Nanoteknologi: Nanoteknologi i industrien (Auditorium 3)

Kaja Skålnes Knudsen har ein bachelorgrad i nanoteknologi og ein mastergrad i nanovitskap frå UiB. I tillegg til studiet har ho hatt frivillige verv i studentorganisasjonar, deltidsjobbar, vore på utveksling og steikt ein hel del vafler.

Etter eit deltidsvikariat hjå nanomiljøet CealTech arbeidar Kaja no fast som forskar i selskapet. Her er ho med på å utvikle nye og betre kundeprodukt ved å utnytte dei unike eigenskapane til grafén. Stilling som forskar krev kreativ tenking, tverrfagleg kompetanse og god samarbeidsvilje. Ingen dag er lik, og arbeidsoppgåvene kan omfatte alt frå analysearbeid og idémyldring, til forsøk og testing på laboratoriet, prosjektplanlegging og kundemøter.

Onsdag 17. oktober - Utveksling, studieteknikk og innovasjon!

Du trenger ikkje å ta heile utdanninga di på UiB! Vi har tilrettelagt for delstudier på samarbeidsuniversitet rundt om i verden. Studentar som har gjort disse vala kjem for å dele sine opplevingar.

  • Kl. 12.15 - 13.00, Auditorium 1: Delstudier i utlandet
    • Du får:
      • Erfaringar frå studentar som har vore på utveksling.
      • Faglege argumentar for å reise på utveksling frå Natalie Reuter ved Institutt for biovitenskap.
      • Praktisk informasjon om korleis du planlegg og førebur deg på å reise ut.
  • Kl. 13.15 - 14.00, Auditorium 1: På Veg mot eksamen.
    • Rådgjevarar frå Sammen gir deg tips til korleis du kan strukturere kvardagen din og førebygge eksamensstress.
  • Kl. 14:15 - 15:00, Auditorium 3: Innovasjon ved UiB
    • Har du ein god og nyskapande idé og lurer på korleis det kan bli ein framtidig arbeidsplass?​​​​​
      • Bergen teknologioverføring (BTO) forklarar korleis, og ein tidlegare student fortel om si erfaring om vegen frå idé til eit prosjekt hos BTO.
      • Det er og etablert ein heilt ny innovasjonshub ved UiB – i samarbeid med BTO. Er du nysgjerrig på å diskutere og utvikle nyskapande idéar saman med andre studentar? Finn ut meir om innovasjonshuben til UiB!

Denne dagen blir det óg sosial samankomst på kvelden:

Torsdag 18. oktober - Studieopphald på Svalbard!

  • Kl. 12.15-13.00, Auditorium 1: Studieopphald på Svalbard
    • Å ta eit semester eller to på Universitetssenteret på Svalbard kan vere eit alternativ til utveksling for nokre studieprogram. Kom og høyr kva moglegheiter som finst! Ein student delar sine erfaringar frå Svalbard.

Mastermøter - Få meir informasjon om kvart enkelt masterprogram!

Overgangen frå bachelor til master

Tysdag 16. oktober blir det 2 korte føredrag om overgangen frå bachelor til mastergrad. 

  • Kl 14.30-14.45 Fordelar med ein mastergrad (Aud. 2 i Realfagbygget): Fakta og statistikk om arbeidsmarknaden for realistar (Eivind Olsvik, SAMMEN)
  • Kl 14.45-15.00: Frå bachelorstudent til masterstudent (Aud. 2 i Realfagbygget): Alt du trenger å vite om søknadsprosessen til master (Ingrid Solhøy, UiB)

Posterutstilling - Få oversikt over alle masterprogramma ved MN-fakultetet!

I perioden 15. til 26. oktober vil det stå ei posterutstilling med ein oversikt over alle masterprogramma ved fakultetet i vrimlearealet i 1. etg., Realfagbygget.

Mastermøter

Alle studentar er velkomne på informasjonsmøtet til dei ulike institutta - uavhengig av kva studieprogram du går på og kva semester du er på! Studentar frå andre fakultet og utdanningsinstitusjonar som er interesserte i å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet er også velkommne!

STUDIEPROGRAMDATOTIDSTAD
Felles masterprogram i programutvikling25.1014:15Seminarrom 510N3, 5. etasje i datablokken, Høyteknologisenteret
Master i anvendt og utrekningsorientert matematikk16.1010:15Auditorium 4, Realfagbygget
Masterprogram i biologi18.1010:15Auditoriumet på VilVite
Masterprogram i energi (2-årig)16.1016:15Auditorium 105, Geofysisk institutt
Masterprogram i fysikk30.1012:00Bachelorrommet på IFT, Fysikkbygget
Masterprogram i geovitskap16.1015:15Auditorium 5, Realfagbygget
Masterprogram i informatikk25.1014:15Seminarrom 510N3, 5. etasje i datablokken, Høyteknologisenteret
Masterprogram i kjemi23.1016:30Integrerbar, 1. etg, Realfagbygget
Masterprogram i matematikk16.1010:15Auditorium 4, Realfagbygget
Masterprogram i meteorologi og oseanografi23.1015:15Foredragssalen, Geofysisk institutt
Masterprogram i molekylærbiologi17.1012:15Seminarrom 520B1,
Høyteknologisenteret
Masterprogram i nanovitskapUtsattUtsattInformasjon kommer senere.
Masterprogram i petroleumsteknologi29.1013:30Rom 546, Fysikkbygget
Masterprogram i prosessteknologi29.1013:30Rom 546, Fysikkbygget
Masterprogram i statistikk16.1010:15Auditorium 4, Realfagbygget
Infomøte om praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)16.1014:00Auditorium 1, Realfagbygget

Programmøte 2 - For studentar som begynte hausten 2018!

Her vil du få mykje nyttig informasjon om korleis vegen går vidare etter første semesteret ved UiB, korleis skal du semesterregistrere deg, melde deg til undervisning og vurdering og eksamen. Kva valemner bør du ta i løpet av graden, kor du kan dra på utveksling og kva mogleheiter du har fram mot ei mastergrad. 

BachelorprogramDATOTIDSTAD
Bioinformatikk6.1110.15-12.00Grupperom 209N1, Høyteknologisenteret
Biologi1.1112.15-14.00Auditorium 1, Realfagbygget
Datasikkerhet22.1112.15-14.00Stort auditorium, Høyteknologisenteret
Datateknologi22.1112.15-14.00Stort auditorium, Høyteknologisenteret  
Datavitenskap22.1112.15-14.00Stort auditorium, Høyteknologisenteret  
Fysikk22.1010.15-12.00Auditorium B, Allegaten 66
Geovitenskap16.1109.15-10.00Kvart-sitten, 3. etg., Realfagbygget
Informatikk - Matematikk - Økonomi25.1014.15-16.00Lille auditorium, Høyteknologisenteret
Kjemi31.1012.15-13.00Tripletten (3069), Realfagbygget
Klima-, atmosfære- og havfysikk25.1010.15-12.00Helland-Hansen møterom, 3. etg., Geofysen
Matematikk30.1012.15-14.00Auditorium 5, Realfagbygget
Matematikk for Industri og Teknologi30.1012.15-14.00Auditorium 5, Realfagbygget
Molekylærbiologi14.1110.15-12.00Inkubatoren (520B1), Høyteknologisenteret
Nanoteknologi23.1012.15-14.00Auditorium 5, Realfagbygget
Petroleum- og prosessteknologi30.1012.15-14.00Rom 316, Fysikkbygget
Statistikk23.1012.15-14.00Styrerommet, rom 1C6a, 1. etg Realfagbygget
Integrerte Masterprogram
Aktuarfag23.1012.15-14.00Styrerommet, rom 1C6a, 1. etg Realfagbygget
Energi29.1010.15-12.00Rom 546, Fysikkbygget
Havteknologi23.1012.15-14.00Rom 292, Fysikkbygget
Medisinsk Teknologi5.1110.15-12.00Rom sp2, Realfagbygget
Fiskehelse1.1114.15-16.00Seminarrom K3, Biologen blokk B
Havbruk og Sjømat1.1112.15-14.00Seminarrom K4, Biologen blokk B
Lektorprogrammet16.1011.00-12.00Auditorium 2, Realfagbygget

Undervisningsprisen 2017/18

Fakultetet og studentane ønsker å premiere gode undervisarar, enten som enkeltperson eller som ei gruppe av undervisarar, som inspirerar til fagleg engasjement hjå studentane. Undervisningsprisen blir delt ut kvar haust og går til ein person eller ei gruppe som har undervist eit emne ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet det akademiske året 2017/18.

Det er fagutvala ved dei ulike institutta som sender inn nominasjonar av aktuelle kandidatar. Ein komité samansett av representantar frå Realistutvalet og fagutvala i tillegg til dekanen kårar ein vinnar.

Nominerte til undervisningsprisen 2017/18
Geovitenskapelige fagutvalg har nominert førsteamanuensis Christian Haug Eide fordi han gjennom fleire semester har utmerka seg som ein strålande pedagog og motivator for studentane ved å gjere stoffet levande og engasjere studentane.

Kjemisk fagutvalg har nominert førsteamanuensis Nils Åge Frøystein fordi han er ein undervisar som greier å formidle stoffet på ein forståeleg og engasjerande måte, og gjer det enkelt å møte til undervisning kl. 08.15. Frøystein er flink til å forklare pensum på ein motiverande og inspirerande måte.

Helix, molekylærbiologisk fagutvalg, har nominert kollokvieleiar Camila Cimadamore-Werthein til undervisningsprisen. Gjennom kollokviegruppene har Cimadamore-Werthein ikkje berre gitt svar, men også god forståing i faga. Cimadamore-Werthein er ein inspirasjon og motivasjon for mange studentar gjennom vanskelege emne ved fakultetet.

Biologisk fagutvalg har nominert professor Ivar Rønnestad fordi han er ein dyktig undervisar og er flink til å bruke animasjonar og eksempler i si formidling av eit vanskeleg fag slik at alle skal ha god forståing av pensum.

Både Nanos og Fagutvalg for fysikk og teknologi har nominert professor Morten Førre til undervisningsprisen. Studentane set pris på at han brukar god tid på studentane og viser interesse for studentane si utdanning. Med si gode evne til formidling gjer han pensum spennande og interessant ved bruk av figurar og konkrete eksempel.

Matematisk fagutvalg har nominert postdoktor Erik Andreas Hanson fordi han er ein dedikert undervisar som tek seg tid til å forklare nøye dersom han ser at studentane ikkje heng med og brukar gode eksempler. Hanson er flink til å involvere studentane i undervisninga og er god til å formidle pensum på ein interessant måte.

Geofysisk fagutval har nominert professor Helge Drange til undervisningsprisen. Drange er ein undervisar som er godt likt av studentane og dei syns han gjer ein god jobb for læringsmiljøet på fakultetet.