Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Meltzerprisen for fremragende forskningsformidling til Harald Kryvi

Årets Meltzerpris for framifrå forskingsformidling gjekk til professor Harald Kryvi, for eit langt liv som framifrå forelesar, samfunnsdebattant, og ikkje minst som kunstnar med vitskapen som fundament. - Det å formidla og undervisa er ein viktig del det indre liv ved ved eit universitet. Det er kjekt å få vita at eg får det til. Ein må finna sin eigen stil, det er viktig, seier prisvinnaren.

Hovedinnhold

Kryvi har ei dr.philos.-grad i haianatomi. Han er professor i zoologisk anatomi ved Institutt for biologi, UiB, der han leier gruppa for vertebratevolusjon og utvikling. Han er også professor II i human anatomi ved Høyskolen i Bergen.

Kryvi har også utmerka seg som vitskapleg formidlar gjennom kunst. Han har laga fleire hundre koparstikk med nøyaktig attgjeving av anatomi. Stikka er trykt opp i kring 7500 eksemplar.

Les mer om prisvinneren her