Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Intern hospitant

Mellombels studierett ved MN-fakultetet

Emna på MN-fakultetet er i utgangspunktet berre opne for studentar på fakultetet, men studentar på andre fakultetet ved UiB kan søke om mellombels studierett og ta emne på MN-fakultetet.

Studentar med ein aktiv studierett på andre fakultet ved Universitetet i Bergen kan søke om mellombels studierett for å ta emne ved MN-fakultetet. For å få innvilga søknaden må du oppfylle kravet om realfag:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg enten

  • Matematikk R2 eller
  • Kjemi 1+2 eller
  • Biologi 1+2 eller
  • Informasjonsteknologi 1+2 eller
  • Geofag 1+2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1+2

 Du søker ved å fylle ut det digitale søknadsskjemaet i linken til høyre.

Søknadsfristar:

  • Haust: 25. august (15. august for emne som er med i undervisningsopptaket)
  • Vår: 25. januar (10. januar for emne som er med i undervisningsopptaket)

Ein del emne ved MN-fakultetet har avgrensa med plasser på grunn av lab, felt eller tokt og er derfor med i undervisningsopptaket. For å få plass på eit eller fleire av desse emna må du melde deg opp til undervisning i emnet på studentweb innan fristen (meir informasjon i lenka ovanfor).

Søknadsprosess
Søknader blir behandla fortløpande etter kvar som dei kjem inn og du får svar på e-post når søkanden er behandla. Dersom du får innvilga mellombels studierett i eit semester må du sjølv melde deg opp i emne/a på studentweb (melde deg til undervisning og vurdering). 

Mellombels studierett blir berre innvilga for eit semester om gongen, dersom du ønsker å ta fleire emne på MN-fakultetet på eit seinare tidspunkt (medan du framleis har ein aktiv studierett på eit anna fakultet), må du søke nytt opptak.