Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

På disse sidene finner du informasjon om eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiB.

Starttidspunkt for skoleeksamen

Frå og med vårsemesteret 2018 vil skuleeksamen bli avholdt mellom kl. 09.00 og kl. 18.00 (ekskl. tilleggstid). Starttidspunktet for skuleeksamen er anten kl. 09.00 eller kl. 15.00. Kvar eksamen har kun eitt starttidspunkt.

Merk: Inntil 14 dager før eksamensdato kan starttidspunktet for nokre kortare skuleeksamen bli flytta fra kl. 09.00 til kl. 15.00 eller fra kl. 15.00 til kl. 09.00 innanfor samme dag. Hugs å sjekke Studentweb eller eksamensplanen!

Publisering:

Eksamensdato og -plan for skriftlege emne publiserast når Studentweb opnar for vurderingsmelding -  måndag i veke 25 for haustsemesteret og måndag i veke 50 for vårsemesteret. Lokale for eksamen vert publisert 14 dagar før eksamen, romplassering ei veke før eksamen.
Studentar med tilrettelegging må logge på studentweb for å finne si romplassering ei veke før eksamen.

Sensur publiserast på studentweb seinast tre veker etter eksamen.
Ein kan gå opp til eksamen i eit emne tre gonger, hugs difor å trekke deg seinast 14 dagar før eksamen om du ikkje vil bruke eit tellande forsøk.

Sjå denne sida for informasjon om sjukdom i samband med eksamen.

 

Utfyllande informasjon om eksamen: 
Fins på Studieadministrativ Avdeling sine sider

Under er tilleggsinformasjon og skjema som gjeld for Det matematisk-naturvitskaplige fakultet, samt anna viktig informasjon det ofte er spørsmål om:

Grunngjeving av og klage på karakter

Om du får eit resultat på ein skriftleg eksamen som du meiner ikkje er riktig, har du rett på grunngjeving av resultatet og rett til å klage på vurderinga. Du har og rett til å klage om du meiner det er gjort formelle feil under eksamensavviklinga.

Vi har ei eiga side med informasjon og skjema for klage på og grunnlag for karakterfastsetting.

Trekk frå eksamen og 3-gangers regelen

Trekk frå eksamen

Det er viktig at du trekker deg frå eksamenar du vet du ikkje skal ta minst 14 dagar før eksamensdato. Da unngår du at det tel som eit forsøk. Du trekker deg frå eksamen på Studentweb. Trekk under eksamen tel som eit forsøk. Trekk eller stryk visast ikkje på vitnemålet. Høgaste oppnådde karakter i eit emne ein tek i løpet av graden er gjeldande på vitnemålet.

 

3-gongers regelen

3-gongers-regelen betyr at det berre er mulig å ta eksamen i same emne 3 gangar. I særlige tilfelle er det mulig å få innvilga eksamen for 4. gang. Les er om dette under overskrifta «Søknad om 4. gangs eksamen».

Om du har ulike karakterar i et emne er det den beste karakteren som blir ståande på vitnemålet (så lenge du tar eksamen før du har oppnådd en grad).

Ny vurdering og fjerde gongs eksamen

Om du vil ta eksamen på nytt i eit emne, er det nokre korte prinsipp som gjeld:

  • Du kan sjølv melde deg til ny vurdering på studentweb.
  • Eventuelle obligatoriske øvingar må vere gyldige. Om ikkje må du ta emnet på nytt i eit semester med undervisning.
  • Ein får tre forsøk på eksamen. Eventuelt fjerde forsøk må søkast om. 
  • Alle skriftlege eksamensemne har eksamen både haust og vår. Dette er ein ordinær eksamen.
  • Eksamen er på slutten av semesteret med undervisning og tidleg i semesteret utan undervisning.
  • Spesielle reglar gjeld tidleg eksamen i emne med undervisning både haust og vår (sjukeeksamen).

 

Om emnet har obligatoriske arbeidskrav må dei framleis vere gyldige for at du skal kunne melde deg opp til ei ny vurdering. Du kan sjekke kor lenge obligatoriske arbeidskrav er gyldige på emnet si heimeside på uib.no under overskrifta "obligatoriske arbeidskrav".

Ny eksamen ("sjukeeksamen"):

Studentar som har gyldig fråvær på avsluttande skriftleg skuleeksamen har rett på tidleg vurdering påfølgande semester ("sjukeeksamen").

I undervisningsåret 2018/19 gjeld dette emna MAT111, KJEM110 og INF100.
For alle andre emner treng ein ikkje søke om å ta ny eksamen, du melder deg sjølv opp på StudentWeb.

 

Søknad om ny eksamen gjeld berre for emne med undervisning begge semester. Emne utan undervisning har ordinær tidleg eksamen, med oppmelding på Studentweb.

Søknadsfrist: 1. februar/september. NB! Dokumentasjon på gyldig fråvær frå eksamen må være levert innan fristen ei veke etter eksamen.

Søknadsskjema: Søknad om tidleg eksamen i MAT111, KJEM110 og INF100

 

Tidlig eksamen

Alle emne har ordinær eksamen både haust og vår.

For emne med undervisning anten haust eller vår:
I semester med undervisning er det ordinær eksamen i slutten av semesteret. I semester utan undervisning er det ordinær tidleg eksamen i starten av semesteret.

For emne med undervisning både haust og vår:
I begge semester er det ordinær eksamen i slutten av semesteret. Tidleg vurdering ("sjukeeksamen") må søkast om tilgang til, og denne er berre for studentar med gyldig fråvær på eksamen. Sjå punktet «ny eksamen» over. Andre kan melde seg til eksamen i slutten av semesteret.

 

Du melder deg opp til ordinær eksamen på studentweb ved å finne att emnet frå tidlegare semester og vel «Meld til ny vurdering»

 

Søknad om fjerde gongs eksamen:

Fjerde gongs eksamen vert berre innvilga på spesielle grunnlag.

Søknadsfrist 1. februar/september.

Søknadsskjema og reglement: Søknad om 4.gangs eksamen

 

Eksamensoppgaver på engelsk

 

Dersom du ønsker eksamensoppgåver på engelsk må du søke skriftleg minst 1 månad før gjeldande eksamensdato. Søknaden sendast til instituttet ansvarleg for emnet. Instituttet er ikkje forplikta å tilby eksamensoppgåver på engelsk med mindre emnet undervisast på engelsk. Søknaden kan difor bli avslått.

Exam in English?
If you are attending courses that are not listed as taught in English you need to apply in written form 1 month ahead of the exam date to request to sit the exam in English. There is no application form; Write an application with your name, student number, the name of the course and specify that you wish to have the exam paper in English. Please send the application to the department responsible for the exam.
Please note that the department is not obligated to provide examination questions in English for courses taught in Norwegian, thus the request may be denied.

Fusk/Hjelpemiddel under eksamen

Fusk og ulovleg bruk av hjelpemiddel

Universitetet ser naturlegvis alvorlig på fusk på eksamen. Det kan få store konsekvensar om du har med hjelpemiddel som ikkje er tillate på eksamen. Dette gjeld sjølv om hjelpemidlet ikkje har vore i bruk eller sjølv om det ikkje vi vere til hjelp på eksamen.

Det kan bli tatt stikkprøver av hjelpemiddel under eksamen.

Her kan du lese mer om bruk av kilder og referanser i skriftlige oppgaver

UiBs brosjyre om fusk og plagiering

Etikk i utdanningen

 

Tillatne hjelpemiddel

Det er viktig å undersøke kva hjelpemiddel du kan bruke på eksamen.

Informasjon om tillatne hjelpemiddel står i emnebeskrivelsen til kvart emne på nett. Det skal òg gå tydeleg fram av eksamensoppgåva.

 

Kalkulator på eksamen

Dersom «enkel kalkulator» er tillate er kun følgende modellar tillatte:

Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX

Du har sjølv ansvar for å skaffe deg en tillatt kalkulatormodell.

 

Dersom «alle kalkulatorar tillate», gjeld følgande reglar:

Kalkulatoren
- skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kan ikkje koplast til straumnett
- må ikkje avgje støy
- Det er ikkje tillate å ta med bruksanvisningar, programbeskrivelsar, ferdige program eller anna tilleggsutstyr.

 

Ordbok

Du kan ta med ordbok på skriftleg eksamen. Det er ein universal rett og kjem ikkje fram i lista over tillatne hjelpemiddel i kvart enkelt emne.

Reglement: Ordboka

  • må være generell. Dvs. oversette ord frå eit språk til eit anna (f.eks frå tysk til norsk).
  • må ikkje vere teknisk ordbok, geologisk ordbok osv.
  • må ikkje vere leksikalsk (dvs. beskrivande og innehalde definisjonar av ord).
  • må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
  • kan ikkje vere elektronisk

Ordboka må leverast inn for gjennomsyn på Infosenteret for realfagsstudentar i Realfagbygget seinast 1 veke (5 arbeidsdagar) før eksamen. Du får utlevert ordboka i eksamenslokalet.