Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Praksis i utdanningen er gull verdt

Kristina Skåre har tatt adjunktutdanning i matematikk og naturfag og arbeider nå som lærer.

Hovedinnhold

Det er ganske greit å ha lånt klassen til ein annan lærar, før eg no har ansvar for mine eigne elevar.

Eg er kontaktlærar på 9.trinn, med undervising i matematikk, naturfag og RLE i klassen min. Dessutan har eg mindre grupper i engelsk og matematikk.

Som lærar brukar eg omlag 2/3 av arbeidstida mi i klasserommet, resten av tida går mellom anna med til planlegging av både kvar enkelt time og lengre periodar, samt vurdering, samarbeid med team og oppfølging av elevar. Gjennom praksisperiodane i studiet lærte eg å verta ein trygg leiar og tørra å testa ut nye ting.

 For meg som er nyutdanna vert det travle dagar med mykje nytt å halda kontroll på, men det viktigaste er likevel det som skjer i klasserommet. Denne delen var eg førbudd til etter praksisperiodana undervegs i studiet. Då lærte eg å verta ein trygg leiar og tørra å testa ut nye ting. Det er ganske greit å ha lånt klassen til ein annan lærar, før eg no har ansvar for mine eigne elevar.

No i starten må eg prøva meg litt fram og elevane  er flinke til å gi både positiv og negativ respons på arbeidet mitt. Ikkje alle timar er like vellukka, men då trøyster eg med at det kjem alltid ein ny sjanse og eg vert stadig ein betre lærar.

Flere intervju