Hjem
Det medisinske fakultet

Klage på eksamen ved Det medisinske fakultet

Klage på eksamen er regulert i universitets- og høgskulelova. Du kan klage over formelle feil ( § 5-2) og/eller over sensurvedtak (§ 5-3).

Penn og hånd
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Grunngiving av karakter

Før du klager har du rett til å få grunngitt karakteren din. For å få grunngiving fyller du ut dette skjemaet

Fristen for å be om grunngiving for karakteren din er ei veke etter at sensuren er offentleggjort. Sensor/eksaminator vel sjølv om grunngjevinga skal bi gitt munnleg eller skriftleg.

Hugs at du kan gå både opp og ned i karakter etter at klagen din er ferdig behandla, og at den nye karakteren blir den som tel på vitnemålet ditt.

Klage på sensurvedtak

Meiner du at karakteren du har fått ikkje samsvarar med eigne prestasjonar kan du levere ei skriftleg klage på sensuren. Klagefristen er tre veker etter at sensur er offentleggjort, eller tre veker etter at du har motteke grunngjeving.

Klagen blir behandla utan at klagesensor blir gjort kjent med opprinneleg karakter, eller grunngivinga for denne. Det er altså ikkje anledning til å grunngi klagen din.

  • Fristen for å klage på sensur er tre veker fra sensur blei gjort kjent på studentweb, eller tre veker etter at du har motteke grunngjeving.
  • Resultatet av klagen kan vere både til gunst og til ugunst for klagar. Det vil seie at du anten kan få betre eller dårlegare karakter, eller at det opprinnelege sensurvedtaket står.
  • Ved ein gruppeeksamen har kvar enkelt student rett til å klage på sensuren. Dersom klagesensur fører til endring av resultat gjelder endrigen kun for de(n) som har framsett klage. 
  • Nytt sensurvedtak er endeleg og kan ikkje påklagast.
  • Munnleg eksamen kan ikkje påklagast, men du kan be om grunngiving umiddelbart etter at karakteren er offentleggjort.
  • Ein kan berre klage på sensuren på ei forprøve om prøven er vurdert til ikkje bestått.

Det kan vere verdt å merke seg at ein eksamen kan takast på nytt ved neste ordinære eksamen, og i så tilfelle blir den beste karakteren gjeldande.

Korleis sender eg klage?

Studentar ved Det medisinske fakultet skal sende inn elektronisk skjema for å klage på sensurvedtak. Hugs å sjekke at alt er korrekt fylt ut før du sender inn skjemaet.

Klage på sensurvedtak - bokmål

Klage på sensurvedtak - nynorsk

Klage på sensurvedtak - engelsk

Stadfesting av motteke klage

  • Når du har sendt skjemaet vil du motta ei stadfesting på e-post om at klagen er motteke. Stadfestinga inneheldt også dei opplysningane du har gitt.
  • Karakteren i emnet du klagar på skal stå som sperra i StudentWeb tre verkedagar etter klagefristen har løpt ut. På den måten kan du kontrollere at klagen din er under behandling.

Klage på formelle feil

Dersom du meiner at det er gjort formelle feil frå universitetet si side i gjennomføringa av eksamen, kan du levere ei formell skriftleg klage innan 3 veker etter at du burde blitt gjort kjent med grunngivinga for klaga. Sjå kap 5, §5-2 i Lov om universitetet og høgskoler for meir informasjon om rettane dine, samt moglege utfall for deg og dine medkandidatar dersom klagen din blir tatt til følge.

Det medisinske fakultet er første instans for å klage på formelle feil.

Ei klage på formelle feil ved eksamen skriv du i fritekst og sender til Det medisinske fakultet via post@med.uib.no innan den gjeldande fristen.

Klager på vedtak fatta av Det medisinske fakultet blir behandla av den sentrale klagenemnda ved UiB. Fakultetet sitt oversendingsbrev til klagenemnda blir sendt i kopi til deg.