Hjem
Det medisinske fakultet
Nyheter

Falchs Juniorpris for unge forskere

Styret for Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap har vedteke å stille til rådvelde ein Juniorpris for 2017 til unge forskarar under 40 år. Frist 1. mars 2017!

Fondet sine statuttar seier at:

  • formålet å fremje medisinske vitskapelege arbeid
  • arbeida skal være av stor vitskapeleg eller sosial betyding
  • arbeida kan være frå alle greiner av medisinsk vitskap
  • arbeida skal være fullførte

Styret har fastsett prisen til kr 50.000,- i driftsmidlar til forskaren.

Framlegg til kandidatar til prisen kan fremjast av instituttleiarar og professorar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og skal innehalde:

  • kandidaten sin curriculum vitae
  • kandidaten si publikasjonsliste
  • dokumenterte resultat av arbeida
  • fagleg omtale av forslaget (maksimalt to sider)
  • ei beskrivande framstilling av kandidaten sitt arbeid i språkform for det alminnelege publikum (pressemelding)

På grunnlag av fondet sine statuttar tildelast prisen etter desse kriteria:

  1. Djuptgåande, originale arbeid med metodisk kompleksitet.
  2. Forskingsfunn som har ført til anvendte resultat i form av ny eller forbetra diagnostikk, terapi eller forståing.

Forslag sendast til okonomi@mofa.uib.no innan 1/3 2017 og vert handsama av styret i Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap.