Hjem
Det medisinske fakultet

Sjukdom ved eksamen på Det medisinske fakultet

Informasjon om kva du gjer om du blir sjuk ved eksamen, kva som er gyldig fråvèr, og korleis du går fram for å registrere fråvèret.

Hovedinnhold

Viktig: Midlertidig forskrift

UiB har midlertidig innført egenmelding ved gyldig fravær på eksamen, jf. Midlertidig forskrift om tillegg til forskrift 16. februar 2012 nr. 872 om opptak, studier, vurdering og grader ved UiB. Den midlertidige forskriften er fastsatt av rektor ved UiB 11.03.2020, og skal sikre at studenter ved UiB får gjennomført sin utdanning og får ta sine grader og vitnemål uten forsinkelse på grunn av forhold knyttet til koronavirus (SARS-CoV-2). Forskriften er gyldig til 1. februar 2022.

Les mer om dette på Studieavdelingens side Syk på eksamen - der finner du blant annet egenmeldingsskjema for gyldig fravær ved eksamen.

Kva gjer du om du blir sjuk på eksamensdagen?

Tregongersregelen inneber at ein berre får tre forsøk på eit emne. Difor er det viktig at du gir beskjed til fakultetet om du ikkje skal ta eksamen på grunn av sjukdom. Blir du sjuk eller har anna gyldig fråvèr på eksamensdagen skal dette ikkje telle som eit eksamensforsøk.

Føresetnaden er at du leverer dokumentasjon på gyldig fråvér til fakultetet innan fristen som er ei veke etter eksamensdato.

Gyldig fråvér frå eksamen er eigen og barns sjukdom, dødsfall i nær familie eller hos andre ein har eit nært forhold til, gravferd eller bisetting, pålegg frå offentleg mynde som er til hinder for å møte til eksamen, eller andre omstende som gjer det sterkt urimeleg å kreve at ein skal gjennomføre eksamen (sjå forskrift om opptak mv. ved UiB § 6.10).

Korleis bli registrert med gyldig fråvær?

Fristen for å sende inn dokumentasjon er ei veke etter eksamensdatoen. Vi anbefaler likevel at du sender oss ein e-post om fråvèr til info.med@uib.no sjølve eksamensdagen.

Dokumentasjonen må dekke datoen for den aktuelle skoleeksamenen eller munnlege eksamenen.

Dokumentasjonen saman med informasjon om kva emne det gjeld, skal leverast/sendast til Det medisinske fakultet.

Du kan

  • levere i Infosenteret i Armauer hansens hus (AHH), 1. etasje. Grå postkasse ved døra utanom opningstid.
  • sende i posten til Det medisinske fakultet, postboks 7804, 5020 Bergen

Når kan du ta opp igjen eksamen?

Har du gyldig fråvèr til eksamen har du rett på ny eksamen i påfølgende semester.

Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du har spørsmål om dette.