Hjem
Det medisinske fakultet
Forskerskolen i klinisk medisin

Forsker på genfeil som gir diabetes

Bli betre kjent med Marie Holm, ein av posterpresentørane på arrangementet «Årets Forskningspresentasjoner».

Maria holm

Denne veka blir resepsjons-foajeen i Sentralblokka på Haukeland fylt opp med postere laget av forskere, stipendiater og studenter ved Haukeland Universitetessykehus (HUS) og Universitetet i Bergen. Anledninga er arrangementet «Årets Forskningspresentasjoner» som ein gong i året arrangeres av Forskerskolen i Klinisk medisin. Arrangementet rundas av i foajeen på Haukeland Sjukehus fredag med prisutdeling til dei beste presentasjonane.

I den anledning har vi i slått av ein prat med Marie Holm Solheim som er ein av dei som skal ha munnleg presentasjon på torsdagen. I tre år har Marie forska ved Harvard Medical School som del av eit doktorgradsstipend frå UiB. Frå før har Marie ei mastergrad i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen.

1. Fortell litt om PhD-reisa di.

– I 2014 starta eg som stipendiat ved Klinisk Institutt 2. Prosjektet mitt er eit samarbeid mellom KG Jebsen Senter for Diabetes Forskning ved UiB og Joslin Diabetes Center ved Harvard Medical School i Boston. Allereie få dagar inn i doktorgradsprogrammet vart eg invitert inn i laboratoria til Dr. C. Ronald Kahn i Boston, ein av verdsleiarane innan forsking på type 2 diabetes og fedme. Hans arbeid innan insulinsignalisering og insulinresistens har vore viktige i  korleis vi idag forstår diabetes type 2. I Boston vart eg teke godt imot i eit stimulerande og motiverande miljø, og før eg viste ordet av det var det gått tre år. Rettleiarar for arbeidet har vore Dr. Pål R. Njølstad, Dr. Anders Molven og Dr. C. Ronald Kahn.

2. Kva gjorde at du valde å ta ein PhD innen diabetes-feltet? 

– Diabetes er ein alvorleg sjukdom som skyldast mangel på det blodsukker-senkande hormonet insulin, eller at insulinet ikkje verkar som det skal (insulinresistens). Dei siste åra har vi sett ei kraftig auke av menneskjer med diabetes, og sjukdommen påverkar folk i alle aldrar  og over heile verda. Idag har ca 230.000 menneskjer i Norege diabetes. 28.000 av desse har diabetes type 1, mens rundt 200.000 er diagnostisert med diabetes type 2. I tillegg har mange diabetes type 2 utan å vite om det. Det er viktig å få betre kunnskap om diabetessjukdommen, både for å bremse den skremmande veksten og for å kunne betre livskvaliteten hos pasientar med diabetes.

3. Kva handler prosjektet ditt om?

– I doktorgradsarbeidet mitt har eg fokuset på å forstå mekanismane som knyttar insulinresistens, diabetes og fedme. Eg har undersøkt korleis ein sjeldan genfeil i PIK3R1 (p85alpha), eit gen som ofte er involvert i kreft, i dette tilfellet gir diabetes. Menneskjer med denne genfeilen er kortvaksne og slanke, men har sterk insulinresistens og utviklar diabetes type 2. Insulin senker ikkje berre blodsukkeret, men verkar også på cellenes vekst og utvikling av feittvev. For å betre forstå sjukdommen har vi laga ein musemodel med same genfeil for meir utvida studiar. Vi har ved hjelp av denne modellen vist at celler med denne bestemte genvarianten reagerar unormalt på stimulering av både insulin (ulik insulinresistens) og andre vekstfaktorar viktig for normal funksjon. Vi har også funne bestemte forhold mellom struktur og aktivitet i det resulterande skada p85alpha-proteinet, som igjen knytast til pasientane si unormale utvikling og fordeling av kroppsfeitt.

4. Hva var grunnen til at du reiste til USA for mesteparten av PhD-en din?

For meg har det vore viktig at doktorgrada skulle gi muligheit for opphald i utlandet. Eg har tidlegare vore på to veldig kjekke utvekslingsopphald i USA, henholdsvis Missouri og California, så då eg fekk mogelegheita til å dra til Boston takka eg derfor raskt ja. Å forske i utlandet har vore spennande og inspirerande. Eg hadde nok aldri trudd at eg skulle bli i Boston i 3 år. Men Boston er ein fantastisk flott by som er lett å bli glad i. Forskingsmiljøet er også i toppsjiktet. Når eg blei spurt om å utvide opphaldet kunne eg ikkje slå det frå meg. Eg vil presisere at eit så langt opphald i utlandet hadde vore umulig utan finansiell støtte frå UiB, Norsk Selskap for Endokrinologi, Eckbos legater, Skispreder Tom Wilhelmsens Stiftelse, Det Alminnelige Medisinske Forskningsfond og Diabetesforbundet.

5. Hva ønsker du å gjøre videre når du har disputert?

– Eg er veldig motivert til å fortsette med forsking, og leiter no etter eit nytt spennande forskingsprosjekt, gjerne i Bergen til å begynne med.