Hjem
Det medisinske fakultet
STENGD VEG

Innkøyringa i nord stengd i 2020

Den 2. januar blir innkøyringa nord i Sentralblokka på Haukeland stengd for bilar, syklande og gåande ut året.

Haukeland Nord.

Innkjøyringa stenger fordi sjukehuset skal bygge ny underjordisk gangtunnel i tillegg til å få på plass mykje annan komplisert infrastruktur mellom dei to bygga.

Bygginga av del to av Glasblokkene er i full gang. Som ein del av det totale arbeidet med å smelte saman Glasblokkene og Sentralblokka skal mykje infrastruktur - blant anna transportband og ny gangtunnel mellom dei to bygga på plass.

– Dette arbeidet vil dessverre innebere at vi må stenge innkøyringa i nord,  seier programleiar for Glasblokkene, Helge Bergman

– All biltrafikk inn og ut av parkeringsdekket i Sentralbokka må derfor skje i sør. Gåande og syklane kan heller ikkje komme inn her.

Stenginga skal i utgangspunktet vare til 31.12.20.

Raskaste veg for pasientar, pårørande og tilsette som kjem gåande eller syklande frå nord vil vere å nytte gangstien mellom Gamle hovudbygg og Sentralblokka.

Situasjonen vil bli ganske lik som den var då innkøyringa i nord var stengt i veke 43, det vil seie at det då heller ikkje vil vere mogeleg å køyre inn til andre bygg aust for Sentralblokka - som UiB sine bygg, sjukehusapoteka og Verkstedsbygget til Haukeland.

Entreprenøren vil skilte til innkøyringa i sør. Det skal og settast ut trafikkdirigentar som skal handtere endringa.