Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Kongeleg utmerking til akademisk bauta

Det var duka for superlativ og stas då professor Rolf Reed ved Det medisinske fakultet fekk utdelt Kongens fortenestemedalje.

Marte Mjøs Pedersen og Rolf Reed med albuehilsen under overrekelse av kongens fortjenestemedalje
Ordfører Marte Mjøs Pedersen gir Rolf Reed en koronavennleg albuehilsen etter utdelinga av fortenestemedaljen.
Foto/ill.:
Ingrid Hagerup

–  Eg er glad og beæra, seier hovudpersonen sjølv, Rolf Reed. 67-åringen er velkjent for dei fleste ved fakultetet, han er både kraftfull og sindig på same tid – og har ei merittliste få kan matche.

Basal bauta

Rolf Reed kom først til Universitetet i Bergen og fakultetet i 1972 som fersk medisinstudent. Etterkvart vart han lege, førsteamanuensis og professor. Som forskar gjekk han tungt inn i basalforskinga, den som ligg til grunn for all vidare forsking som kjem oss til nytte. Basalforsking, eller grunnforsking, ligg i botnen for alt frå vaksiner, diagnostikk og trådlaust internett til kreftmedisin og andre legemiddel.

Rolf Reed viste seg å vere eit stort forskartalent. I 1993 fekk han Anders Jahres pris for yngre forskere (UiO), "for hans forskning vedrørende ødemets fysiologi og bindevevets strukturproteiner". I 2002 vart han innvald i Kungliga Vetenskaps Societeten i Uppsala og tre år etter vart han æresdoktor ved Uppsala Universitet. I 2006 var tida inne for medlemsskap i Det Norske Videnskaps-Akademi. For ikkje å snakke om Reed sitt tunge nærvær sentralt i Forskingsrådet i Norge dei siste 20 åra. 

Reed har mange års erfaring med avansert forsking i bagasjen, og jobbar no med forskargruppa Cellnet ved Institutt for Biomedisin. Ved Cellnet forskar dei på nettverk i normale og sjuke cellesystem, dei dukkar inn i kreftsvulsten ved hjelp av biokjemi, molekylærbiologi, cellebaserte system – for å nemne noko. Dei siste åra har han også vore involvert i Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) eit av Forskingsrådet sine prestisjetunge «Senter for framifrå forsking». Men Rolf Reed har mykje meir enn timar på laben, fleire hundre artiklar i tunge vitskaplege tidsskrift og fleire bøker å vise til.

Handlekraftig sjef

Rolf Reed engasjerte seg raskt i dei strategiske vala fakultetet skulle ta. Frå 1992 var han prodekanus og mellom 1999 og 2003 var han dekanus.

– Eit medisinsk fakultet må alltid vere klar til å snu seg om, seier Reed. Og det skjedde mykje under hans leiing. Han var ein nøkkelperson i oppbygginga av Institutt for biomedisin, i arbeidet med å reise BB-bygget, Bygg for biologiske basalfag. Han har jobba for å etablere kjernefasilitetane ved fakultetet, og for å få dei til å gå rundt økonomisk.

– Det var tida for å ikkje berre vere eit medisinsk fakultet, men eit helsefakultet, seier Reed, og viser til at det i dekanperioden vart innført forskarlinje, farmasi, genetisk rettleiing og manuellterapi på fakultetet. Ein tankegang som har helde fram, med utdanning av tannlegar, tannpleiarar, kliniske ernæringsfysiologar og ei rekkje helsefag på masternivå.

Som leiar var også Rolf Reed oppteken av at gode krefter skulle samarbeide, til dømes universitetsfolk og sjukehustilsette. Han var også viktig då det for 20 år sidan vart avgjort at UiB skulle sende legestudentar til Stavanger.

– Rolf er grundig og alltid godt førebudd, seier dagens dekan ved fakultetet, Per Bakke.

– Han godtek ikkje pjatt og er ikkje redd for å seie i frå. Og ikkje minst er han ein person som er flink til å framheve andre sine bidrag.

I 2005 overtok Rolf Reed som leiar ved Institutt for biomedisin ved det medisinske fakultet, UiB.

Kongens fortenestemedalje

Som seg hør og bør, ei feiring er påkrevd når ein får den ærefulle utmerkinga «Kongens fortenestemedalje». Ordføraren i Bergen, Marte Mjøs Persen, var den som delte ut medaljen til Rolf Reed – omkransa av leiinga ved Det medisinske fakultet.

– Det er ei ære og ei glede å få lov til å overrekke deg denne på vegne av Hans Majestet Kongen, smilte ordføraren. Saman med rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, dryssa ho gode ord over medalje-mottakaren. Dekan Per Bakke var også til stades:

– Fakultetet kan sole oss i glansen av denne medaljen, sa Bakke og takka Reed for hans rolle som mentor.

– At han seier det han meiner er ein viktig eigenskap, trakk leiar av forslagsstillergruppa, professor emeritus i medisin, Ole Didrik Lærum fram.

– Rolf er flink til å lytte, og han spelar andre gode. Han gjev noko av seg sjølv som gjer at ein kjenner felleskap, påpeika Lærum.

Kongens fortenestemedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Den delast ut som påskjøning for «innsats av særlig samfunnsgavnlig natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid».

Ei slik utmerking har definitivt Rolf Reed gjort seg fortent til. Men tru ikkje at 67-åringen kviler på laurbæra. Til det er det for mykje å gjere på universitetet, som styreleiar av Senter for grunnforsking i Oslo og som leiar Science Advice-utvalet i Videnskapsakademiet. Som Reed sjølv sa under takketala:

– Det viktigaste er ikkje kven som får æra, men kva som faktisk blir gjort.