Hjem
Det medisinske fakultet
Lokale prosedyrar

Permisjon ved Det medisinske fakultet

Lokale prosedyrar for søknad om permisjon frå studia.

Studenter i solen
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Treng du ein pause i studia? Då kan du søkje om permisjon for ein kortare eller lengre periode. Hugs at du har plikt til å melde i frå om fråver frå studia, viss ikkje risikerer du i verste fall å miste studieretten din. Du må også sjølv varsle Lånekassen om at du tar permisjon, dersom du får lån og/eller stipend.

Profesjonsutdanningane og bachelorstudia

Søknad om studiepermisjon vert berre innvilga for inntil eitt år om gongen, og forlenga permisjon vert berre gitt i særskilte høve.

Studentar på Bachelor i ernæring, profesjonsstudiet i medisin, farmasi, odontologi og tannpleie kan i løpet av studietida ha inntil eitt års permisjon utan å spesifisera grunn. Denne type permisjon kan berre bli gitt ein gong i løpet av studiet. Studentar på desse programma kan ikkje få ubegrunna permisjon før første studieår er fullført og bestått.

Det er obligatorisk oppmøte til studiestart første studieår. Det vil ikkje bli innvilga utsett oppmøte til studiestart på grunnlag av lønna/ulønna arbeid, reise og liknande. Ved dokumenterte tvingande velferdsgrunnar samt tvungen verneplikt kan det gjerast unntak frå regelen.

Mastergradsstudiet

På mastergrad kan du få inntil eitt års permisjon frå masterstudiet utan å oppgi grunn før val av oppgåve. Ved permisjon utover eitt år må søknaden grunngjevast. Du kan også etter val av oppgåve få inntil eitt års permisjon når det er fagleg velgrunna. Ved permisjon etter desse reglane skal masterkontrakten og rettleiingskontrakten bli endra tilsvarande. Merk at Programutvalet kan innvilge eller avslå søknad om permisjon.

Gyldig grunnlag for permisjon

Ved fødsel skal permisjon bli innvilga i samsvar med § 4-5 i Lov om universiteter og høyskoler. Vidare går det fram av kapittel 4 Universitetet i Bergen si Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader at du kan få permisjon for kortare eller lengre periodar dersom det føreligg tvingande velferdsgrunnar, slik som eigen sjukdom, sjukdom til ektefelle/registrert partner/sambuar, sjukdom til eigne born, sjukdom til ektefelle/registrert partner/sambuar sine born, sjukdom til foreldre, tvungen verneplikt, omsorg for eigne born i samband med adopsjon, tyngande verv i studentpolitiske organ og liknande, eller av andre viktige velferdsgrunner. Permisjon kan også bli gitt av faglige omsyn.

Konsekvensar for vidare studie

Dersom permisjon vert innvilga for eit heilt semester er du friteke frå å betale semesteravgift. Etter regelen er det ikkje mogleg å ha undervisning og avlegge eksamen ved Det medisinske fakultet i permisjonstida.

Fakultetet gjer merksam på at dersom det vert gitt permisjon frå eit studium med kullstruktur, her medisin, farmasi, human ernæring odontologi og tannpleie, kan det ikkje garanterast plass på det aktuelle kullet når permisjonen er over dersom det ikkje føreligg dokumenterte tvingande velferdsgrunnar.

Det er viktig å merke seg at det er maksimal studietid for alle studieprogram ved Det medisinske fakultet (jfr. Det medisinske fakultet sine utfyllande reglar til § 4,6 i UiB si Forskrift om opptak, studier, vurdering og grade). Permisjonar/tilrettelegging med bakgrunn i sjukdom eller andre tvingande velferdsgrunnar kan gi rett til å overskride dei ytre tidsrammene.

Merk at du sjølv er ansvarleg for å melde inn endringar til Lånekassen.

Medisin: Maksimal studietid er 9 år for A-kull og 9 ½ for B-kull, til saman 3 år utover normert studietid. For forskerlinjestudentar er maksimal studietid forlenga med eitt år. Maksimal studietid i studiets preklinikk skal ikkje overskride 2 år utover normert tid, det same gjeld for studiets klinikk.

Ernæring, odontologi og tannpleie: Maksimal studietid er for Bachelor i human ernæring og for Bachelor i tannpleie er 5 år. For Integrert masterstudium i odontologi og farmasi er maksimal studietid 8 år. For forskerlinjestudentar i odontologi er maksimal studietid forlenga med eitt år.

Master: Maksimal studietid for masterstudia er tilsvarande 4 års heiltidsstudium. Ved permisjon lengre enn eitt år kan programutvalet i samråd med rettleiar vurdera om det skal bli gitt ei ny oppgåve.

Søknadsprosessen

Det er ikkje fastsett ein frist for søknad om permisjon, men det er tilrådeleg å søkje i god tid før planlagt permisjon.

Skjema for søknad om permisjon finn du på studentsidene til UiB:
Norske studentsider
English Student Pages

Permisjonar som er innanfor ei veke vert avgjort av emneansvarlig på det aktuelle instituttet, og følgjeleg skal instituttet vera mottakar av kortare permisjonssøknadar.

Hugs å opplysa om kvifor du søkjer om permisjon, samt leggje ved dokumentasjon, dersom relevant for søknaden din!

Ressursar

Du vil finne vedtekter om permisjon i:

Eventuelle spørsmål kan rettast til Informasjonssenteret for studentar.