Hjem

Det medisinske fakultet

Ein hedersmann rydder kontoret

Han er nett fylt 70 år, professor Jan Erik Varhaug ved Institutt for kirurgiske fag. Jubilanten er ein stor inspirasjon for mange, og superlativa haglar. Sjølv tek hovudpersonen det heile med stoisk ro, og ser fram til meir kammermusikk på heimebane.

Jan Erik Varhaug, då han fekk tittelen Ridder 1. klasse av St.Olavs orden.
Jan Erik Varhaug, då han fekk tittelen Ridder 1. klasse av St.Olavs orden.
Foto:
Jørgen Barth

Hyllemeter med ringpermar, bøker, notatar frå eit langt yrkesliv som kirurg. Mykje skal vekk, noko ein stor blå papirsøppelkasse midt på kontoret vitnar om.

–Ja, det meste skal hivast, konstaterer professor Jan Erik Varhaug med eit lite smil. Og ser ut som han har det greitt med den tanken.

-Så blir det jo litt gradvis, det her. Eg kjem framleis til å ha eit kontor på sjukehuset og universitetet, eg må følge med endå litt til, seier han.

Tilbakeblikk

Varhaug vart fødd og trakka sine barnesko i Kristiansand. Som ung mann bestemte han seg for å bli lege, og reiste til Oslo for å medisinarutdanninga.

-Eg huskar den første tida som legestudent, humrar Varhaug.

-Det var ein slik iver etter å komme i gang… Kvar morgon var det kø utanfor lesesalen, for å sikre seg plass der. Eg syntes for så vidt medisin var eit langt studium, men så veit du… ja, så vart eg oppslukt.

I 1967 var unge Jan Erik Varhaug ferdig utdanna lege, og etter å ha arbeidd ved ulike sjukehus, så kom han, med kone og to born, til Bergen og Haukeland i 1973. Det var kirurgi som var i fokus, Varhaug ville halde fram å spesialisere seg i brystkreft og i endokrin kirurgi, det vil seie sjukdommar og svulstar i hormonproduserande kjertlar.

-Endokrinkirurgi, det er ei så bra blanding av både teori og handverk, seier Varhaug.

-Det er både medisinsk utfordrande, det er pasientbehandling der, og ikkje minst kirurgien. God blanding, endokrinkirurgi.

Byen er Bergen…

Varhaug slo rot i Bergen. Det vart doktorgrad ved UiB i 1984, og sju år seinare vart han utnemnt til professor. Borna er forlengst blitt vaksne, og det første barnebarnet er blitt 13 år. Ei fin barnetegning av nokre hus heng på kontoret, «TIL MORFAR» står der med skeive, fine barnebokstavar.

Karrieren gjekk også framover i full fart. 25. september 2009 er nok ein dag Jan Erik Varhaug seint vil gløyme, då vart han nemleg utnemnt av Kong Harald til Ridder av første klasse av St. Olavs Orden, for «hans innsats innan medisinsk forsking.»

Og riddar er berre forbokstaven, skal vi tru kollegaer og pasientar.

Dekan Nina Langeland seier det slik:

-Jan Erik Varhaug er ein kunnskapsrik forskar som har klart å kombinere klinisk kunnskap og omsorg for pasientane med stor forskingskompetanse. Noko av nøkkelen til suksessen hans har vore særleg gode samarbeidsevner. Han har tillit i alle miljø og stor personleg integritet. Han har etter mitt skjønn vore avgjerande for forskinga i miljøet, seier Langeland.

Instituttleiar ved Institutt for kirurgiske fag, Leiv M. Hove, supplerer gjerne:

- Jan Erik innehar landet sitt første professorat i endokrin kirurgi kor UiB/Det medisinsk-odontologiske fakultet var pioner når det gjaldt nytenking. Han har i mange år vore den mest publiserande forskaren ved vårt institutt, seier Hove.

-På sjukehussida er det særleg hans store omsorg for pasientane med brystkreft som bør nemnast, held Hove fram.

-Dette er jo eit stort volum med pasientar og også et betydeleg volum som utgreiast, men som heldigvis får avkrefta mistanken. Der har Jan Erik og hans kliniske makker, Turid Aas, fått til eit meget fruktbart samarbeid., og pasientane elskar desse to parhestane. Pasientane kjenner hundre prosents tryggleik, sjølv i sin sårbare situasjon. Eg trur vi kan seie at Jan Erik berre har gode vener på sjukehuset og ved universitetet, avsluttar Hove.

Hovudpersonen sjølv ser mest brydd ut når han får referert sjefane sine gode ord. Men smilet er på plass.

-Dette med pasientbehandling, det har vore det mest gjevande, fortel Varhaug.

-Ein skal jo finne ut av sjukdom hjå den enkelte, og gje råd. Og så blir ein ofte slått av kor mykje enkelte må tåle av motgang. Likevel står dei oppreist. Imponerande. Eg prøver å sette meg inn i situasjonen til kvar pasient, og ein må bruke tid på å finne ut korleis ein best kan gje råd.

-Tid? I helse-Noreg i dag, korleis får ein det til?

-Ja, det er ikkje så lett, det der. Vi lever i ei kompleks verd, og det fins sjeldan kjappe løysingar. Det er eit problem i eit travelt sjukehus, tida kjennes ofte knapp. Det er alltid leit å høyre eksempel på dårleg kontakt mellom lege og pasient, men eg trur dei fleste gjer ein innsats for å  skape god kommunikasjon.

-Har du eit råd til kommande legar, for det er jo ei vanleg utfordring i helsevesenet?

-Hmm… Det å vere lege er et fantastisk yrke, men det er samtidig på mange måtar slitsomt, og ein føler ofte at ein kjem til kort. Klarer ein å finne ein del av medisinen som verkeleg interesserer ein, då verkar gleda over faget som ei motvekt mot trøttleik. For det er eit fantastisk system, denne kroppen vår, det er ein engasjerande jobb. 

Hurra!

Sjølve 70-årsdagen gjekk fint og roleg for seg på heimebane. På jobb vert det avslutningsfest.

-Ja, og kona har planlagt cruise i Middelhavet i haustferien. Det blir barn, svigerbarn og barnebarn, Roma og Aten og andre stader. Det blir bra!

Når ein fyller 70 år er det på sin plass å få spørsmålet «kva er du mest stolt av å ha utretta?».

-Eg er nøgd med å ha vore med å bygge opp denne avdelinga her, kor vi kan utreie og behandle kreft , at vi kan jobbe på den måten vi gjer. Og at det held internasjonal kvalitet. Eg er også svært nøgd med det samarbeidet vi har hatt med kolleger i klinikk og forskingslaboratorier i mange år, ikkje minst med Molekylærbiologisk institutt, UiB

Og at Varhaug og kollegaene er i verdstoppen er det ingen tvil om. Varhaug var lenge leiar av Nordiska Endokrinkirurgiföreningen og medverka til etableringa av European Society of Endocrine Surgeons.

Seinast for eit par veker sidan samlast 130 deltakarar frå heile verda i Bergen i eit internasjonalt symposium om endokrinkirurgi. Eller, det var vel eigentleg ein stor avskjedsfest for Varhaug, men det vil han ikkje ha fokus på.

-Vi kan halde slike arrangement fordi vi heile tida har hatt fagutvikling i fokus, seier Varhaug. Så fortel han om eit godt miljø, ildsjeler som brenn for faget og gode kollegaer.

-Det er felles innsats her, ingen tvil om det. Eg trur nok eg vil sakne dei, ja. Varhaug blir ettertenksom i blikket. –Eg har hatt eit fagleg rikt liv her, men det er klart, mykje familietid har gått med. Eg har svært mykje å takke min gode familie for. Min kone har vært ytterst tålmodig og min beste samtalepartner gjennom alle år

Og frå jobb til familie, no blir det i alle fall meir familieliv dei kommande åra. Kva skal forsking og skalpell byttast ut med?

-Ja, det blir meir musikk, då. Allerhelst kammermusikk, klassisk. Og meir tid til famile, venner, bøker og reiser, fortel Varhaug.

-Vi likar å reise i USA, det er eit lett land å komme seg fram i, og det er så mangt å oppleve. Og så har eg lyst å ta med kona til Istanbul og vise ho den fantastiske og spesielle byen, avslører Varhaug.

Framtida er…

-Når det gjeld dei medisinske framstega på mitt felt, så er eg… avmålt optimist. Eg trur vi kjem oss fram, men kanskje ikkje så fort som mange vil eller trur. Men om ti år, så er det nok skjedd ganske gode betringar i behandlinga, seier han.

-Det er nemleg veldig spennande innsikt som forskarane no får, og dette er kunnskap som gjev håp om at ein kan få til betre og meir skreddarsydde kreftbehandlingar. Tilpassa behandling med skreddarsydde molekyl, altså – ut i frå behova til kvar enkelt pasient. Jau, det skjer ting altså.

Varhaug ser ut over haugane med papir.

-Jau, det er jo litt rart å skulle pakke ned alt dette her, då, seier han.

Men Jan Erik Varhaug kan pakke ned kontoret sitt i vissa om at han har gjort ein dugeleg innsats for utallege pasientar, kollegaer og legestudentar.