Hjem
Det medisinske fakultet

Framtidas fakultet – rapporten er klar!

Kor mange institutt blir det, tru? Kva vil skje? Vi har diskutert og vore nyfikne til tusen. No er rapporten frå Arbeidsgruppe 1 klar – ein peikepinn om korleis Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) ved UiB kan komme til å sjå ut.

Fire eller fem institutt. Programutvala samlast i ei eining. Alle doktorgradsstudentar skal inn i forskarskule. Det er mykje spennande lesing i Arbeidsgruppa 1 sin rykande ferske rapport.

Instituttstrukturen

Det er ikkje til å legge skjul på – mange har vore ekstra spente på kor mange institutt MOF skal ha i framtida. Frå tidleg i omorganiseringa vart det klart at åtte institutt skulle bli til tre, fire eller fem. Arbeidsgruppe 1 meiner tre er ei dårleg løysing, dei vil ha fire eller fem.

Gruppa har lagt vekt på fagfellesskap, geografisk nærleik og storleik når dei har teke sine vurderingar.

I modellen for fire institutt skal fakultetet delast opp i Klinisk institutt 1, som vil bestå av noverande Institutt for klinisk odontologi, samt delar av Institutt for klinisk medisin og Institutt for kirurgiske fag. Deretter kjem Klinisk institutt 2, som tek utgangspunkt i Institutt for indremedisin (IFI), pluss dei andre delane av Institutt for klinisk medisin (IKM) og Institutt for kirurgiske fag (IKF). Institutt for samfunnshelse vil bli ei samanslåing av Institutt for samfunnsmedisin, Senter for Internasjonal Helse, farmasi-, ernærings- og geriatriforsking. Og det fjerde blir eit kombinert Institutt for basal- og laboratoriemedisin, der Institutt for biomedisin sler seg saman med Gades og famnar basal- og laboratoriemedisin.

Men det var berre det første forslaget. Det ligg også eit anna alternativ på bordet, med fem institutt. Igjen vil det bli eit Institutt for samfunnshelse, som i førre modellen, Institutt for odontologi vil stå på eigne bein, Institutt for basalmedisin vil erstatte noverande Institutt for biomedisin, men endringane vil ikkje vere store. Det fjerde instituttet vil vere ei samanslåing av IKM og Gades – Institutt for klinisk medisin 1. Og til slutt vil IFI og IKF til saman utgjere det femte instituttet, Institutt for klinisk medisin 2.

Arbeidsgruppa legg i sin rapport fram både fordelar og ulemper ved dei to modellane, og tek ikkje stilling til kva som er den beste.

Undervising

Arbeidsgruppa vil heve statusen til undervising og undervisarane, for å få enda betre kvalitet på plass. Gruppa tilrår at både fagleg studieleiing og studieadministrasjonen blir samla på fakultetsnivå. Programutvala styrkast ved at dei blir samla i ei felles Eining for fagleg studieleiing, som har det overordna ansvaret for alle emna i alle studieprogramma. Eininga skal leiast av visedekan for utdanning, som har med seg ei leiargruppe som består av programsjefane.

Eit anna forslag frå arbeidsgruppa er å opprette ei pedagogisk eining innanfor studieleiinga. Denne eininga skal arbeide med fagdidaktikk, samt ha ansvaret for Ferdighetssenteret, innføring av nye undervisingsmåtar og vurderingsmetodar for pedagogisk utvikling.

Og sist, men ikkje minst… forskarane!

Arbeidsgruppe 1 vil at det skal leggast til rette for enda meir og enda betre forsking på MOF. For å få dette til, rår gruppa til at forskingsadministrative støttefunksjonar styrkast på institutta. Og sidan forskingsgruppa skal vere den utførande eininga for forsking, så vil gruppa at alle med fast vitskapeleg stilling på MOF er med i ei forskingsgruppe. Instituttgrensene skal bli svakare, gruppa vil at forskarane ved MOF skal ha endå betre mogleik til samarbeid på tvers av institutta.  

Det er forslag om at Forskingsutvalet leggast ned, og blir erstatta av ei Eining for forskingsleiing. Her skal leiaren vere prodekan for forsking. Målet er å styrke den strategiske forskingsleiinga på fakultetet, og gjere systemet mindre byråkratisk. Forskingsleiinga vil ha ansvaret for strategiarbeid, senter-godkjenning, forskarutdanning og tildeling og fordeling av Ph.D,- og postdoktorstillingar.

Organiseringa av kjernefasilitetar er god slik den er i dag, og treng ikkje endring, meiner gruppa.

-Dette blir bra, seier dekan Nina Langeland. -Rapporten er grundig og omfattande, og den presenterer også viktige bakgrunnsdata som vil hjelpe i mange avgjerder framover. Den gjev eit godt grunnlag for å fatte avgjerder. Og dei er det fakultetsstyret som skal fatte. Det viktigste for meg no blir å høyre kva dei tilsette tenker. Kjenner dei seg igjen i det som står i rapporten? Kva forslag tenker dei tilsettet vil kunne gje dei ein betre kvardag, og også gje støtte til betre forsking og utdanning?

Framleis er mange spørsmål opne – på allmøtet 29. mai kan du komme og bli opplyst!

Her kan du lese rapporten fra Arbeidsgruppe 1 og dekan Nina Langeland sin innleiande kommentar til denne.