Blir Ridder av St. Olavs orden
Det er langt mellom riddarane no om dagen. Men Trond Markestad får snart bevis på at han er ein, og til og med ein førsteklasses.

Hovedinnhold
Tysdag 23. oktober skjer den høgtidelege markeringa på Barneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus. Professor ved Institutt for klinisk medisin ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB og overlege ved Barneklinikken, Trond Markestad, blir utnemnt til ridder. I pressemeldinga frå ordenskanselliet ved St. Olavs Orden, kjem det fram at Markestad får utmerkinga på bakgrunn av den store innsatsen innan nyføddmedisin.
-Om eg vart overraska? Ja! Men det er stas, klart det er det, smiler Trond Markestad. –Eg gler meg, og er spent også. Eg er ikkje van med å vere i sentrum på denne måten.
Dei viktige små
At Markestad har godt lag med ungar, overraskar ingen som har møtt han. Smilet sit laust hjå den sympatiske professoren. Snart blir han 67 år, og har jobba i mange år for at born skal få det betre.
-Eg bestemte meg då eg var legestudent, det var barnelege eg ville bli. Born har alltid fascinert meg, eg likar ungar. Så etter at eg vart ferdig med legestudiet i 1973, så har eg stort sett jobba med born. Spesielt for tidleg fødde ungar, premature, og elles krybbedød og langtidskonsekvensar hjå dei premature og born med andre tilstandar, seier Markestad.
Og han har gjort jobben godt. Som den første i Noreg gjekk Trond Markestad i januar 1990 ut og åtvara foreldre og fagfolk mot å la spedborn sove på magen. Det gjorde han på bakgrunn av eigen forsking på Barneklinikken, og resultatet var dramatisk. Andelen krybbedøde i Noreg fall med 59 prosent i 1990 i høve til 1988, då 158 born mista livet på denne måten.
-Det var nesten som å slå av ein brytar, fortel Markestad. –Effekten var så enorm. Det var på slutten av året i 1989 at eg sendte ut brev til alle helsestasjonar og fødeavdelingar i Hordaland om dette, og bodskapen spreidde seg raskt til heile landet. Og ja, eg var trygg på at vi hadde rett, men du veit – det var jo ingen måte å gjennomføre kontrollerte studiar på feltet heller. Så vi måtte ta ei avgjerd. Og den viste seg å vere rett. Så det er jo noko av det mest gjevande eg har vore med på i så måte, det var ei fantastisk oppleving å sjå resultatet.
Etiske dilemma
Gjennom medisinsk arbeid med dei aller minste, vakna også interessa for etikk. For det har ikkje mangla på vanskelege dilemma for legane etter kvart som medisinen har gjort framsteg.
-Det er spesielt viktig å vere bevisst på desse tinga når ein behandlar ungar, seier Markestad.
–Vi som legar har eit stort ansvar, og dette er ei pasientgruppe som ikkje kan seie frå sjølv. Vi kjem som barnelegar opp i mange dilemma, det kan dreie seg om behandling av svært funksjonshemma born, svært premature – kor skal grensene gå? Kor små premature skal vi redde, kor alvorlege og smertefulle misdanningar skal vi gjere noko med, kontra å la naturen gå sin gang og la eit barn dø? Dette er ekstremt vanskelige situasjonar for foreldra. Dei treng råd dei kan ha tillit til, og det krev at dei møter legar som i tillegg til god fagkunnskap har evne til å vise empati, lytte og kommunisere på ein god måte. Det er ikkje alltid legane og foreldra er einige i desse spørsmåla, men heldigvis kjem ein oftast fram til eit resultat ein kan einast om er det beste.
Gjennom interessa for etiske spørsmål vart Markestad etter kvart medlem av Rådet for legeetikk i Den norske Legeforening. Dei sju siste åra har han vore leiar av rådet, og det skal han vere ut 2013.
Rådet er Legeforeininga sitt sakkyndige organ i høve til etiske problemstillingar, medlemmane behandlar og tek stilling til saker som kjem inn frå enkeltpersonar, organisasjonar eller organ i Legeforeininga. Rådet stimulerer også til auka fokus på medisinsk-etiske spørsmål både i utdanninga av legar og i samfunnet elles.
Synleg
I kraft av både leiarvervet, professoratet og stillinga som overlege har Markestad blitt ein profilert person i media. Han er ikkje redd for å seie frå. Med kombinasjonen stor fagleg tyngde og eit språk som også lekfolk kan forstå, så er Trond Markestad blitt eit ynda intervjuobjekt blant helsejournalistane.
-For meg handlar det om å belyse viktige saker, seier han. –Det gjeld spesielt i samband med etikk, og korleis ein skal drive medisinsk forsvarleg. Helse og medisin er ein viktig del av samfunnet. Vi som legar sit med ein spesialkompetanse, og eg meiner vi har eit ansvar for å formidle kunnskap ut til samfunnet. Ikkje minst for å balansere debatten. For meg har det vore viktig å vere tilgjengeleg, ærleg og tydeleg.
Og på tysdag blir det nok meir media, om enn på ein annan måte enn Markestad er van med. Skal han kvile på laurbæra no snart?
-Hehe, nei eg tek eitt år om gangen. No har jo eg flytta tilbake til farsgarden på Toten, og jobbar halve tida i Bergen som professor ved UiB og forskingskoordinator for Barneklinikken, og deltid på Sjukehuset Innlandet som forskingsrådgjevar. Og du veit, eg stortrivast i jobben. Det er eit veldig godt miljø her på Barneklinikken i Bergen, både blant universitetstilsette og sjukehustilsette. Det er eit kunnskapsrikt og stimulerande miljø, både klinisk og i høve til forsking. Åra her har vore gjevande, sler Trond Markestad fast. Han er flink å gje ros til andre.
Og på tysdag er det hans tur å bli gjort stas på.
(Arrangementet startar på Barneklinikken, tysdag klokka 13. Kom kom!)