Hjem
Det medisinske fakultet

B-B-Bamsesjukehus

Søtnosfaktoren steig mange hakk, då hundrevis av småtroll og kosedyra deira inntok BB-bygget i dag.

Hovedinnhold

-Han hadde hovudpine, seier Kristoffer på fire år og peikar på koseelefanten sin. –Men no skal han få ei sprøyte og ein klem kvar dag, så blir han frisk igjen. Kompisen August -fire og eit halvt, må vite – tek eit godt tak kring kosekyra Eddi. Den brunspraglete kyra har fått bandasje på eine foten. –Eddi hadde brekt beinet, men doktorane fiksa han, seier ein fornøgd gut.

Køen på mottaket på Bamsesjukehuset er lang, spente born held på bamsar og kosedyr i alle fargar og fasongar. Dei har klare meiningar om kva som plager bamsane og fortel villig vekk om skumle symptom. –Han har hatt så vondt i snabelen, akkurat her, forklarar ei lita jente. Sjukehusdirektør Gro Strøm viser borna kor dei skal gå for å få røntgen, gips eller operasjon.

-Vi gjer dette for at ungane skal få ei god oppleving av korleis eit sjukehus fungerer, fortel Strøm, som til dagleg er medisinstudent ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB. –Dette er jo ein del av Medisinstudentenes Humanitæraksjon (MedHum), ein nasjonal aksjon for å samle inn pengar og opplyse. Og vi merkar jo at dei vaksne som kjem hit med ungane er interesserte, seier ho med eit smil.

Og for nokon startar kanskje draumen i dag. Ved operasjonsbordet blir ein bamse lagt i narkose, før legane startar. Den unge eigaren gliser. –Eg vil bli lege, seier ho.