Hjem
Det medisinske fakultet
Jubileum

Tradisjonsrikt og framtidsretta studium

Det tverrfakultære masterstudiet i farmasi feirar 10 år ved Universitetet i Bergen. Trass i den unge alderen, står studiet likevel støtt på gamle vitskaplege tradisjonar.

Illustrasjonsfoto: Farmasøyt lager medisin
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Korleis lagar ein tablettar og injeksjonsvæsker? Korleis verkar ulike medisinar inn på kroppen? Korleis kan ein kan bruka legemiddel for å førebygga, lindra eller kurera sjukdomar og skadar?

Det er dette dei studerer og funderer på, farmasistudentane ved Senter for farmasi. Men snart legg dei bøker og kjemiske formlar til sides, for å feira at det er ti år sidan det første kullet med farmasistudentar starta ved Universitetet i Bergen (UiB). På det tidspunktet hadde arbeidet med å oppretta eit farmasistudium ved UiB vore i gang i lengre tid, og over fleire periodar.


Trong fødsel

Allereie i 1985 starta arbeidet med å greia ut opprettinga av eit farmasistudium ved UiB, men planane blei lagde på is i 1987. Fram til då var det berre Universitetet i Oslo (UiO) som kunne tilby profesjonsutdanning for farmasøytar. I tillegg fanst det reseptarutdanning ved Høgskolen i Oslo, og i 1994 oppretta Universitetet i Tromsø eit farmasistudium.

Samstundes var det stor bruk for farmasøytar på Vestlandet og i distrikta, og utdanningskapasiteten var for liten. Sjølv dei mest fagleg spanande apoteka, som Sjukehusapoteket ved Haukeland Universitetssjukehus, sleit med rekruttering. Det syntes som om tida var mogen for å gjera eit nytt forsøk.

I 2001 blei nye farmasikomitéar oppretta ved UiB, med medlemmar frå både Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Bergen krets av Norges apotekerforening og dåverande sjukehusapotekar og førsteamanuensis Svein Haavik (noverande leiar for Senter for farmasi) var nokre av pådrivarane for prosjektet.

- Sjølv var eg overraska over kor positiv leiinga ved Det medisinske fakultet var til forslaget om å oppretta eit farmasistudium ved UiB, og at dette starta så raskt. Samstundes var eg usikker på om leiinga skjøna kva dei hadde starta, og korleis ein ville satsa på dette nye fagområdet, seier Svein Haavik.

Ein studieplan blei utarbeida og godkjend i begge fakultetsstyra, og i desember 2002 slutta Det akademiske kollegium (no: Universitetsstyret) seg til forslaget om å oppretta eit nytt tverrfakultært masterstudium i farmasi, forankra i både Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinske fakultet. I januar 2003 blei studiet godkjend av Helsedepartementet, og same haust var det første farmasikullet i gang.

Universitetsstyret vedtok deretter å etablera Senter for farmasi, og i 2010 blei det organisatoriske og administrative ansvaret for studiet overført til Det medisinsk-odontologiske fakultet. I dag høyrer Senter for farmasi inn under Klinisk institutt 2 (K2).


Obligatorisk og populært utanlandsopphald

Målet om auka utanlandsopphald for studentane var ein del av innføringa av Kvalitetsreforma. Som følgje av dette har farmasistudiet ved UiB vore kjenneteikna av at undervisninga i galenisk farmasi i sjuande semester er lagt til University of East Anglia i Norwich i England.

- Utanlandsopphaldet har vore obligatorisk for alle studentar ved profesjonsstudiet i farmasi ved UiB fram til 2014, og har blitt godt motteke blant studentane. Det har gjeve dei god trening i å arbeida på engelsk, og har vore ei verdfull internasjonal røynsle, seier Haavik.

Frå hausten 2015 vil det bli undervist i desse emna ved UiB. Studentane vil framleis få høve til å reisa på utveksling, men utanlandsopphald vil ikkje lenger væra ein obligatorisk del av utdanninga.


Eit forskingsmiljø i vekst

Samfunnsfarmasøytisk forsking har òg vore sentralt sidan Senter for farmasi blei starta i 2003. Farmasi er eit breitt fagområde, og forskinga spenner frå basale undersøkingar av legemiddel og deira målmolekyl, til studiar omkring pasienttryggleik ved bruk av legemiddel. Det er knytt stipendiatar til dei farmasøytiske kjernefaga, og fleire har etter kvart oppnådd ph.d-grad innan faget.


Eit tradisjonsrikt fag i stadig utvikling

Farmasifaget er forankra i breie, tradisjonsrike fag innan kjemi, medisin, farmakologi (læra om eigenskapar, verkemåtar og bruk av legemiddel) og galenisk farmasi (læra om korleis ein framstiller ulike bruksferdige legemiddel). Samstundes skjer det stadig teknologisk utvikling og forsking som gjer at faga endrar seg. Det same gjeld utviklinga av eit stort lov- og regelverk, som til ei kvar tid legg føringar på utøvinga av all farmasøytisk verksemd.

- Framleis er faget under oppbygning, men eg synes det har gått ganske bra så langt. Vi har hatt god søknad til studiet, og mange flinke og positive studentar. Studieplanen, som er ein kombinasjon av etablerte og nye farmasøytiske emne, har stort sett fungert bra, og er eit godt utgangspunkt for vidareutvikling av studiet, seier Haavik.

- Spesielt positivt er det kanskje at studentane har hatt eit semester ved School of Pharmacy, University of East Anglia. Dette opphaldet har vore svært viktig for eit fagområde i oppbygging, og gjeve studiet i Bergen ein spesiell profil. Det har vore gledeleg at studentane har opplevd opphaldet i England som positivt, og at lærarane der har gjeve våre studentar gode skussmål. Eg synes dette er litt interessant, då det i den norske politiske diskusjonen ofte er tendens til å kritisera utdanningssystemet i vårt eige land, seier Haavik.

I kraft av å væra ei profesjonsutdanning som famnar fagleg vidt, finn ein òg krav til balansering mellom teori og praksis. Kva som er det rette balansepunktet, kan det òg være ulike synspunkt på. Samstundes endrar syn på læring og undervisningsmetodar seg over tid. Alt dette plasserer farmasifaget i skjeringspunktet mellom sterke krefter, og gjer faget dynamisk og levande.

Effektive legemiddel har revolusjonert behandlinga av mange sjukdomar, men legemiddelbruk kan òg gje skadar. Utvikling av effektive legemiddel og rasjonell legemiddelbehandling er difor viktige forskingsfelt. Legemiddelutvikling og legemiddelproduksjon er òg interessante næringsfelt. Sjølv om farmasi er eit gamalt fag, er det difor kanskje meir aktuelt enn nokon sinne.

Kva kompetanse treng farmasøytar i framtida? Treng ein eigentleg å læra å framstilla legemiddel, når så få apotek gjer dette i dag? Skal ein heller legga større vekt på rolla som rettleiar og servicearbeidar? Treng ein eigentleg å læra om legemiddel frå naturen, når mange legemiddel kan framstillast syntetisk? Slike problemstillingar er aktuelle og utfordrande når ein diskuterer utviklinga av studiet.


Eit populært studium med gode framtidsutsikter

Frå starten har farmasistudiet hatt 24 studieplassar, søknadstala er gode, opptakskrava er forholdsvis høge og gjennomføringsgraden er høg. Studentane var heilt frå oppstarten av studiet raske til å etablera eit fagleg og sosialt miljø: Studentforeininga Generica gjev jamleg ut sitt eige blad, Etiketten, og det at ein fekk eigne lesesalplassar var tidleg med på å skapa både identitet og samhald blant studentane. Studiet har ein noko utfordrande organisatorisk struktur, fordelt på mange institutt, og studentane held til på mange ulike stadar på campus. Trass i dette, har tilbakemeldingane frå kandidatundersøkingar blant farmasi-alumnar vore gode, og studiet held fram med å væra populært.

- Samfunnet treng framleis mange farmasøytar, og utdanninga er tverrfagleg og spanande. Med utviklinga av apotekverksemda i seinare tid, har mange fleire mogelege arbeidsstadar kome til, saman med andre område som forsking, helseøkonomi, undervisning eller legemiddelutvikling og legemiddelovervaking, seier Haavik.

I framtida vil farmasøyten òg spela ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten, i samhandling med andre helsefagarbeidarar. I løpet av studietida får farmasistudentar mellom anna tilbod om praktisk, tverrfagleg samarbeidslæring i samarbeid med TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetenesta)


Eit vellukka samarbeidsprosjekt

- Farmasi er eit breitt fagområde som er avhengig av bidrag frå mange ved universitetet. Det har vore positivt at så mange har engasjert seg i faget. Vi har òg hatt stor nytte av samarbeid med andre farmasøytiske lærestader og dei andre aktørane innan farmasien, avsluttar Haavik.


Kjelder:

Professor Svein Haavik, leiar for Senter for farmasi
Senter for farmasi: https://www.uib.no/farmasi
TVEPS: https://www.uib.no/tveps