Hjem
Det medisinske fakultet

-Fekk legedraumen som fire-åring

Det er første dag for mange nye medisinstudentar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB. Enkelte har venta lenger enn andre på akkurat denne dagen.

Sola smiler, og det gjer Torry Renè Halvorsen (23) også. Han svingar ut av Informasjonssenteret for studentar, pepra med ny viten om livet som medisinstudent. Det same gjer ei lang rekkje av ungdommar, som vil bli det vi av og til kallar «morgondagen sine legar». Det er ei variert gruppe, nokre forsiktig knisande, enkelte i overkant alvorlege. Ein spent gjeng med unge og lovande studentar.

-Kvifor eg ville bli lege… Eg har alltid vore veldig facinert av medisin og sjukdommar, fortel Halvorsen.

-Dette huskar eg ikkje sjølv, altså, men eg fekk det fortalt at når eg var fire år gammal, så sat vi ein gjeng ungar på stovegolvet i Loddefjord. Nokre ville bli politimenn, andre brannmenn. Eg ville bli plastikkirurg, sånn var det med den saken. Og det vil eg framleis bli.

-Ehh, javel?

-Hehe, eg møter den stereotypen heilt tida. «Puppar og lår, er det det du vil drive med?» Men nei. Eg planlegg å bli plastikkirurg med øyre-nase-hals som underspesialitet. Veit du kor mange finurlege teknikkar som kan hjelpe folk? Eg såg ein gong ein dokumentar med ei dame som hadde fått knust heile ansiktet i ei ulukke, heilt grusomt. Så fekk dei inn ein japansk plastikkirurg, og sånn som han klarte å hjelpe den dama, det var heilt utruleg. Og fantastisk!

-Og i dag er første steg på din veg mot legeyrket. Korleis har dagen vore så langt?

-Nervepirrande! Eg har venta så lenge på dette, eg har gått i heile sommar og venta på at ferien skulle bli ferdig. Så sat eg på bussen mot Haukeland i dag, og var på veg til første dag på medisin. Det slo meg, det var heilt absurd! Og kjekt. Vi har hatt omvising på Haukeland og BB-bygget i dag. Eg trur desse åra kjem til å bli ekstremt lærerike, og ikkje minst tøffe. Det blir nok å gjere, for å seie det sånn. Men eg er klar. Fantastisk klar, seier Halvorsen med eit breitt glis.