Hjem
Det medisinske fakultet

Tid for Falch 2014

Det er tid for å komme med framlegg til Falchførelesinga 2014 og nominere kandidatar til Falchs juniorpris. Kjenner du nokon som kan vere aktuelle? Fristen er 1. mars.

Forslag til Falchførelesing (The Falch lecture) 2014

Fagmiljøa ved Det medisinsk-odontologiske fakultet blir inviterte til å komme med sine framlegg til Falchførelesinga 2014.

Ramma for tildelinga er kr. 30 000,- og skal nyttast til å dekke honorar og utgifter til reise- og opphald. Ein ber om at eit overslag over kostnadane blir lagt ved søknaden. Det kan bli aktuelt med fleire tildelingar.

Retningslinjer for Falchs førelesing:

1. Forslagsstillar er Styret som kan invitere generelt anerkjende forskarar på Nobelprisnivå eller svært høgt internasjonalt nivå til å halde ei gjesteførelesning og/eller seminar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

2. Styret kan invitere tilsette til å komme med framlegg og dokumentere forskingsinnsatsen til den dei foreslår. Kriteria kan vere publisering i prestisjetunge vitskapelege tidsskrift, internasjonale prisar, leiarfunksjonar i tungtvegande og aktive internasjonale vitskapelege samanslutningar og konferansar.

3. Falch Lecturer bør ha samarbeid med eller bidratt på annan måte til forskingsverksemda ved Det medisinsk odontologiske fakultet.

4. Falch Lecturer vil få eit diplom som markerer hendinga.

Forslag kan sendast til okonomi@mofa.uib.no og vert handsama av styret i Konsul Søren Falchog øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap. Fristen er 1. mars 2014.

 

Konsul Søren Falch og øyenlege Sigrurd Falchs fonds juniorpris for unge forskarar (under 40 år)

Styret for Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap har vedteke å stille til rådvelde ein Juniorpris for 2014 til unge forskarar under 40 år.

 Fondet sine statuttar seier at:

  • formålet med juniorprisen er å fremje medisinske vitskapelege arbeid
  • arbeida skal være av stor vitskapeleg eller sosial betyding
  • arbeida kan være frå alle greiner av medisinsk vitskap
  • arbeida skal være fullførte

Styret har fastsett prisen til kr 50.000,-.

Framlegg til kandidatar til prisen kan fremjast av instituttleiarar og professorar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og skal innehalde:

  • kandidaten sin curriculum vitae
  • kandidaten si publikasjonsliste
  • dokumenterte resultat av arbeida
  • fagleg omtale av forslaget (maksimalt to sider)
  • ei beskrivande framstilling av kandidaten sitt arbeid i språkform for det alminnelege publikum (pressemelding)

På grunnlag av fondet sine statuttar tildelast prisen etter desse kriteria:

  1. Djuptgåande, originale arbeid med metodisk kompleksitet.
  2. Forskingsfunn som har ført til anvendte resultat i form av ny eller forbetra diagnostikk, terapi eller forståing.

Forslag sendast til okonomi@mofa.uib.no innan 1/3-2014 og vert handsama av styret i Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap.

 

Styreleiar Nina Langeland