Hjem
Det medisinske fakultet

Forsbergs og Aulies legat: Prisvinnar i nevrologi for 2012

Øivind Fredvik Grytten Torkildsen fekk prisen for si forsking på multippel sklerose.

Hovedinnhold

Øivind Fredvik Grytten Torkildsen, forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for multippel sklerose og lege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, blei 22. november tildelt Forsbergs og Aulies legat i Nevrologi for 2012 for si innsats for forsking på sjukdommen multippel sklerose.

Øivind Fredvik Grytten Torkildsen er 33 år gamal. Han blei autorisert som lege i 2006 og oppnådde doktorgrad i medisin (PhD) ved Universitetet i Bergen i 2010. Avhandlingas tittel var «Environmental risk factors for multiple sclerosis». Han starta i 2009 sin formelle spesialisering i nevrologi. For tida kombinerer han forskarstilling som postdoktor og legestilling i spesialisering, og han er knytte både til Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen og Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus.

Øivind Fredvik Grytten Torkildsen har produsert 26 originale, vitskapelege publikasjonar. For 16 av disse er han fyrsteforfattar. Artiklane blir regelmessig sitert av leiande forskingsgrupper. Torkildsen er i gang med rettleiing av andre, både som doktorgradsrettleiing og rettleiing av studentar ved forskarlinja. Forskargruppa der Torkildsen er ein leiende medarbeidar, blei vurdert som «excellent» i Forskingsrådets evaluering frå desember 2011.

Torkildsens forsking har tatt utgangspunkt i kliniske aspektar ved sjukdommen multippel sklerose. Han har hatt eit særleg fokus på korleis vitamin D som miljøfaktor påverkar sjukdommen. Samspelet mellom genetiske forhold og miljø er i dag sterkt i fokus når det gjelder multippel sklerose. Han har også sett på regionale forskjellar i behandling i Norge. Frå kliniske observasjonar har Torkildsen tatt steget over til å arbeide med ein eksperimentell sjukdomsmodell for multippel sklerose. Denne modellen har han brukt for å observera betydinga av ernæring for sjukdomsutviklinga, igjen med særlig vekt på vitamin D og feittsyrer. Funn i den eksperimentelle modellen blei nytta som grunnlag for en intervensjonsstudie hos pasientar med multippel sklerose. Pasientar frå 13 sentre i Norge fikk tilskot av feittsyra omega-3 i ein kontrollert og dobbeltblinda vitskapelig studie. Resultantane frå studien har hatt konsekvensar for behandlingsråd til pasientar med multippel sklerose.

Det er nær eineståande at en ung forskar har vært ledande i klinisk forsking, eksperimentell forsking, laboratoriebasert forsking på humant materiale, og i ein klinisk behandlingsstudie skriver legatet på sine nettsider. Forskinga innanfor alle felt har gitt viktige resultat for forståing og behandling av multippel sklerose, og de har ført til vitskapelege publikasjonar i framifrå internasjonale tidsskrift.