Hjem
Det medisinske fakultet
News

Forskingskonferanse om fedme i Balestrand

Den andre Balestrandkonferansen om fedme finn stad 18.-20. juni 2014. Tema for konferansen er dei komplekse sidene ved fedme i eit skandinavisk perspektiv.

Illustrasjonsbilete: Fedme
Forskingskonferanse om fedme i Balestrand
Foto/ill.:
Colourbox

Konferansen har som mål å syne korleis kompleks systemtenking fører til ein tverrfagleg tenkemåte som kan endre korleis ein dannar seg eit omgrep om og taklar fedme. Det er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde som arrangerer konferansen, der ein kan møte leiande forskarar innan fedme.

Programmet inneheld mellom anna foredrag, diskusjonar i plenum, tevling om beste plakat og sosialt samvær.  

Deltaking på konferansen er mellom anna godkjend som elleve timar spesialistutdanning for alle spesialitetar.

Her finn du meir informasjon om program, påmelding og anna praktisk informasjon.