Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet fra På Høyden

Eit bygg for framtidas medisin

– Laboratoriebygget står fram som den mest kompakte campusen mellom forsking og helsefag som eg kjenner til. Det blir interessant å følgje utviklinga vidare, sa helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho opna Laboratoriebygget måndag.

Hovedinnhold

Det var ein tydeleg stolt styreleiar i Helse Bergen som ønska velkommen til opninga av det største bygget ved Haukeland Universitetssjukehus sidan Sentralblokka sto ferdig for 27 år sidan.

– Dette er ein stor dag. Det er jammen ikkje ofte same styreleiaren får leggje ned grunnsteinen til eit bygg og vere med på opninga, spøkte Ranveig Frøiland til Helse Bergen sine nettsider, medan ho såg oppover dei ni etasjane.

23.000 kvadratmeter

Det 23.000 kvadratmeter store bygget går ikkje akkurat i eitt med terrenget. Ikkje berre på grunn av høgda, men òg på grunn av fargebruken. Store delar av bygget har glasfasade, med plater i raudt og gult. Inni desse ni etasjane jobbar det i dag om lag 550 menneske.

Tanken om bygging av eit nytt laboratoriebygg ved Haukeland vart lansert på 90-tallet av førre eigar, Hordaland fylkeskommune, men spaden ble ikkje satt i jorda før juni 2006.

Under eit tak

Laboratoriefasilitetane til Institutt for indremedisin var tidligare spreidd på mange bygg. Alfred Halstensen er svært glad for at miljøet no er samla.

– Dette er eit skreddersydd bygg for forskningsarbeid. Vi får no integrert forskinga med relevante fagmiljø på sjukehuset, og oppnår med dette at ny kunnskap raskare blir ein del av rutineundersøkingane i helseforetaket. Dette kjem pasientane til gode, seier Halstensen til På Høyden.

Fleire av gårsdagens talarar trakk fram integrasjonen mellom universitetet og universitetssjukehuset, mellom forskning og rutine, som eit vesentleg fortrinn ved laboratoriebygget.

– Tidlegare var laboratoria spreidd rundt på ulike bygg på sjukehuset, dels med dårleg standard og det vart ikkje lagt til rette for fagleg samordning. Med Laboratoriebygget styrker vi koplinga mellom sjukehusdrift og forsking. Både når det gjeld forskingslaboratorium og laboratorium til dagleg pasientdiagnostikk, seier Helge Bøe, divisjonsdirektør ved Medisinsk servicedivisjon og viser til at verksemd frå både Haukeland og Universitet i Bergen er no samla under eit tak.

Viktig for pasientane

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen synes det er imponerande kva det er plass til å bygge på Haukelandsområdet.

– Dessutan er det flott at sjukehuset har realisert bygget innan det budsjettet som ble lagt. Nok ein gong gratulerer med dagen, og eg håpar bygget vil gi eit løft for heile institusjonen og dei tilsette. Laboratorieverksemd er naudsynt, og difor er det pasientane på Vestlandet som har størst grunn til å vere nøgd når vi i dag opnar dette bygget, sa Strøm-Erichsen.

 

Fakta/Laboratoriebygget:

  • Laboratoriebygget er eigd av Helse Bergen, og blei påbegynt sommaren 2006.
  • Den totale prisen er om lag 750 millionar kroner.
  • Ca 40 prosent av arealet i bygget blir disponert av UiB til forsking og undervisning. Dette er om lag 5600 kvm, ei auke på 680 kvm frå tidlegare disponerte areal (nettoareal).
  • UiB har investert 9,7 millionar kroner i infrastruktur og faste installasjonar, og øyremerka 14 millionar kroner til vitskapleg utstyr i 2009 og 2010.
  • Arkitekt for Laboratoriebygget er danske C.F. Møller.


Kjelder: Eigedomsavdelinga ved UiB og Helse Bergen sine nettsider