Hjem
Det medisinske fakultet

Vil knekke kreftgåta

Mohn Kreftforskingslaboratorium er blitt tre år. Forskarane har brukt tida godt.

Hovedinnhold

På fredag var dei samla på Troldhaugen, forskarar frå Det medisinsk-odontologiske fakultet og Helse Bergen, Bergen medisinske Forskningsstiftelse og mange andre interesserte. Høvet var treårsfeiringa til Mohn Kreftforskningslaboratorium.

Fleire tema vart presentert for dei oppmøtte. Professor i kreftbehandling, Per Eystein Lønning, var møteleiar. Han fortalte også om si eiga forsking. Saman med Stian Knappskog forskar han på behandlingsresistens, kvifor kreftbehandling rett og slett ikkje fungerer på enkelte.

-Resistens mot cytostatika er hovudgrunnen til at pasientar døyr av kreft, seier Lønning.

-Vi har dei seinare åra byrja å forstå meir om kva mekanismar det er som kan gje resistens, men forskinga på dette feltet har vore hemma av mangel på effektiv metodikk. Det ser ut til at behandlingsresistens ikkje oppstår som følge av feil i enkelt-faktorar men kan skuldast feil i ulike faktorar som verkar saman. På mange måter kan det illustrerast med det som skjer når vi «mistar straumen». Arbeider vi på ei datamaskin og skjermen bryt saman, fell bildet bort. Men det gjer det også dersom straumkabelen til maskina blir øydelagt, dersom straumforsyninga til bygningen forsvinn, eller dersom straumforsyninga til heile bydelen blir borte som følgje av brot i ein stor kabel. Samstundes er det ofte fleire «kablar i parallell» som kan overta for kvarandre, og det ser då ut som om resistens mot behandling oppstår når fleire slike «gen-vegar» i kreftcella er øydelagt, fortel forskaren.

-Medan ein tidligare måtte analysere kvart enkelt-gen separat, gjev den nye metodikken mogleik til å analysere ei rekkje gen samstundes i kvar enkelt prøve. Vi har i vår gruppe kunna vise at ulike faktorar er assosierte med behandlingsresistens ved brystkreft, men verken vi eller andre har vore i stand til å gje eit komplett bilde av desse mekanismane. Ved no å analysere prøver med denne nye metodikken håpar vi å kunne få eit langt meir komplett bilde av problema, avsluttar Lønning.

Har fått til mykje

Mohn Kreftforskingslaboratorium vart altså oppretta i 2009, då Bergen Medisinske Forskningsstifting gav 12 millionar kroner til utstyr til forskarane.

-Mohnlaben er ein møteplass for forskarar som jobbar med ulike sider av same sjukdom, og difor ein arena for diskusjon, tips om nye metodar, og samarbeidsprosjekt, seier kreftforskar Camilla Krakstad. Ho jobbar for å betre karakterisere endringar som er årsaken til gynekologisk kreft, og då spesielt livmorkreft.

-Vi arbeider med mange parallelle del-prosjekt, som alle har som mål å bedre kreftbehandlingen, fortel ho.

-PET/MR-scanning, for at kirurgane skal ha meir informasjon før behandling, multisenterstudier for å samle nok informasjon til at forskinga kan bli brukt i klinikken, og genetisk karakterisering og biomarkør-studier på innsamla prøver for å finne mekanismar for sjukdommen, samt markørar som kan seie noko om prognosen til kvar einskild pasient. Mohnlaben er viktig for oss fordi vi får tilgang til avansert utstyr vi ikkje har ved Kvinneklinikken. Her kan vi gjere meir avansert forsking, seier Krakstad.

Også fleire forskarar fortalte om spennande funn, som behandling og sjukdomsmekanismar ved ME og translasjonsstudiar ved colorektal- og testikkelkreft. Mykje har skjedd ved Mohn Kreftforskingslaboratorium dei siste tre åra, og framtida er minst like spennande.

-Etableringa av Mohn kreftforskningslaboratorium har vore heilt avgjerande for at vi har kunna generere så gode forskningsresultat som vi har gjort over dei tre åra som er gått sidan innflytting i laboratoriet, seier forskar Stian Knappskog.

-I tillegg til at ein donasjon frå Trond Mohn, via Bergen Medisinske Forskningsstiftelse, gjorde det muleg å bygge opp laboratoriet med topp moderne utstyr, har laboratoriet òg vorte ei god tankesmie der det er eit godt miljø for nyskapande idear tankeutveksling og mellom dei som jobbar og møtes der, avsluttar han.