Hjem
Det medisinske fakultet

Dyre-PET’en har starta opp

Eit etterlengta tilbod er endeleg på plass. Måndag var det offisiell opning av PET-skannaren som skal brukast på små dyr. Det kan bety betre behandling for oss menneske.

Foto/ill.:
Foto: Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Leiarane for både Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB, Helse Bergen og Bergen medisinske forskningsstiftelse var samla i går, samt ei rekkje fagfolk på feltet. Dei var der for å høyre om korleis forskarane kan få mest mogleg ut av den splitter nye dyre-PET’en.

-Dette er ein glad dag, sa instituttleiar ved Institutt for biomedisin, Rolf Reed.

-Denne skannaren kan komme til å bety mykje, og er bra for samarbeidet mellom fakultetet og sjukehuset, sa han.

Bergen medisinske forskningsstiftelse har gjeve 12 millionar kroner til innkjøp av PET-skannaren, og Det medisinsk-odontologiske fakultet og Helse Bergen bidreg også. 

Trond Mohn var hjarteleg til stades på opninga. –Målet med denne donasjonen er å etablere eit forskingssenter som skal bli leiande på sitt felt i Noreg, sa han med eit smil.

Viktig for mange

Enkelt fortalt så tek maskina bilete av indre organ, og gjer det mogleg å sjå sjukdom, sjekke kva behandling som fungerer –og kva som ikkje gjer det- og dermed utvikle nye og betre behandlingsteknikkar. Noko som igjen kan komme sjuke menneske til gode.

Før nokon blir sendt til PET-skanning, så får dei sprøyta inn eit stoff i blodet som inneheld bittesmå radioaktive atom. Det er strålinga frå desse som kan registrerast frå utsida av kroppen. Bileta som kjem fram viser kva biologiske prosessar som skjer inne i cellene. PET-skanning har allereie vore viktig i å utvikle betre behandling av sjukdommar som råkar mange av oss, som kreft eller Alzheimers.

Samarbeid

Drifta av PET-skannaren vil vere eit samarbeid mellom Det medisinsk-odontologiske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB, samt Helse Bergen. Maskina vil vere tilgjengeleg for forskarar frå mange stader i landet og fleire fagmiljø.

 

Fakta om PET:

  • PET er ei forkortig for positron-emisjons-tomografi
  • Dei som skal skannast får sprøyta inn eit radioaktivt stoff i blodet, vanlegvis ein radioaktiv variant av druesukker (FDG)
  • PET-skanning brukast i dag rutinemessig ved kreftdiagnostikk
  • PET kombinerast ofte med såkalla Computer Tomography (CT), ein type røntgen, slik at ein kan legge PET- og CT-bileta oppå kvarandre