Hjem
Det medisinske fakultet

Ny fakultetsdirektør!

Astrid Bårdgard heiter den nye fakultetsdirektøren på MOF. Les vidare og bli betre kjent med ho.

Astrid går frå si noverande stilling som Forskingsdirektør ved Høgskolen i Bergen til fakultetsdirektør ved Det medsinsk-odontologiske fakultet.

-Ved Høgskolen i Bergen har eg, som forskingsdirektør og stedfortreder for høgskoledirektøren, fått høve til å arbeide heilskapleg med strategiar, forvaltning og administrasjon på mange plan. Vi har arbeidd med å utvikle høgskolen frå å vere ein rein utdanningsinstitusjon til også å bli ein forskingsinstitusjon, og er no i ferd med å etablere eigne doktorgradsutdanningar.  Det har vore både krevjande og gjevande, seier ho.

 

På gamle tomter

Men UiB er ein gammal kjenning for Astrid. Ho tok doktorgrad i zoofysiologi ved universitetet, og jobba deretter i mange år ved Forskingsavdelinga ved UiB.

-Eg fekk anledning til å gå gradene frå rådgivar til assisterande forskingsdirektør, og der eg fekk arbeide strategisk ut mot universitetets mange forskingsmiljø, fortel ho.

Og tida som UiB-tilsett gjorde det også lettare å søke seg tilbake.

-I tida på universitetet vart eg godt kjent med mange her ved fakultetet. Her er dyktige folk både i leiinga, i fagmiljøa og i administrasjonen, noko som gjorde det ekstra interessant å søkje denne stillinga.  Med "Framtidas fakultet" har fakultet dessutan signalisert at det er utviklingsretta.  Eg tenkjer heilskapleg om utvikling av utdanningar, forsking og forvaltning, og ser desse i samanheng. Eg set pris på å få arbeide i breidda og på mange nivå, både mot leiarar, administrasjon og fagmiljø. Det vil eg få høve til i stillinga som fakultetsdirektør. Ein treng symbiose og god kompetanse på alle desse plana for å kunne utvikle ein god organisasjon, seier Astrid. 

 

Overtek ein framtidsretta stafettpinne

Den nye direktøren får nok å gjere, ikkje minst med «Framtidas fakultet». Men Astrid ser fram til å arbeide vidare med prosjektet, både i leiargruppa, staben og med fagmiljøa.

-Det er lagt eit godt grunnlag, og det skal bli utfordrande å overta stafettpinnen. Eg ser fram til å bli betre kjent med administrasjonen ved fakultetet og  korleis vi saman best kan implementere resultata frå omstillingsprosjektet som fakultetet har vore gjennom. Arbeidet med å ferdigutvikle og implementere den nye studieplanen for medisin blir jo særdeles spennande. Sameleis å støtte opp om forskingssatsingane. Eg vil legge vekt på kvalitet og at vi i administrasjonen skal vere dynamiske og gode medspelarar for både dekanatet, fakultetstyret, ulike utval, og ikkje minst mot institutt, fagmiljø og studentar. Mitt arbeidsmotto er "Saman blir vi gode", og det vil eg prøve å bidra til, seier ho.

-Er det noko du vil endre når det gjeld satsingsområde i organisasjonen?

-Det er for tidleg å seie noko om no. Fakultetet har vore igjennom eit krevjande omstillingsprosjekt, fleire nye forskingsentre er nyleg etablerte og medisinutdanninga skal leggjast om. Eg vil  bruke tid til å gjere meg kjend med dette nye dynamiske fakultetet og lytte. Så får vi sjå om det er bruk for justeringar undervegs i nærmaste framtid, seier ho.

 

På privaten då?

Klart dei kommande kollegaene er nyfikne. Korleis er vår nye sjef?

-Eg er gift og har to vaksne born, fortel Astrid.

-Fritida brukar eg på å restaurere eit gamalt småbruk i Sogn saman med familien. Eg er opptatt av å ta vare på kulturarven vår. Det er blitt ein livsstil på linje med engasjementet for utvikling av forsking og høgare utdanning. Elles likar eg meg ute i naturen sommar som vinter.

-Korleis vil dine noverande kollegaer skildre deg?

-Dei vil seie at eg er målretta og tenkjer langsiktig, at eg er nokså tydeleg og at eg set høge krav til kvalitet der det trengst. Så håpar eg dei også vil seie at eg viser omsorg og er oppteken av medarbeidarane rundt meg, at dei har det bra. Eg er oppteken av at vi skal ha det kjekt på jobb, at vi skal hjelpe kvarandre og at alle skal få bruke evnene sine og utvikle potensialet sitt, avsluttar den nye fakultetsdirektøren.