Hjem
Det medisinske fakultet

Åpning av nytt diabetessenter i Bergen

15. juni åpnar det nye KG Jebsen Senter for diabetesforskning. Forskarane ved UiB ser for seg eit kraftsenter innan diabetesforskinga.

Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan...
Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes.
Foto/ill.:
Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus.

Diabetes råkar kvar 20. nordmann, og talet på sjuke aukar epidemisk her til lands. Sjukdommen er alvorleg, og kan i verste fall vere livstrugande.

Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen støttar opprettinga av tre nye medisinske forskingssenter. Eitt av desse er KG Jebsen Senter for diabetesforsking ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus, leia av professor Pål R. Njølstad.

Senteret vil få eit bidrag frå Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen på fire millionar kroner per år i fire år framover. I tillegg kjem økonomisk støtte frå UiB og Haukeland universitetssjukehus.

KG Jebsen Senter for diabetesforsking har som mål å finne nye diabetesgener, kartlegge nye mekanismer for korleis diabetes utviklast og å etablere målretta og betre behandling. Senteret har samla fagfolk innan klinisk, genetisk, epidemiologisk og eksperimentell diabetesforsking i eitt laboratorium som vil bli lokalisert til det nye Barnesenteret ved Haukeland Universitetssjukehus. Senteret vil bestå av fem forskingsgrupper, og kan bli eit kraftsenter innan diabetesforskinga.

 

Åpninga skjer fredag 15. juni kl 11-15, Auditoriet, Barneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus

 

Forskarane har allereie utvikla eit nytt verkty for å betre kunne diagnostisere arveleg diabetes. Metoden nyttar den mest avanserte formen for genetisk diagnostikk i dag. For meir informasjon, ta kontakt:

 

Leiar, professor Pål R. Njølstad - Pal.Njolstad@uib.no – 55 97 51 53

 

Kommunikasjonsrådgjevar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, Marion Solheim – marion.solheim@mofa.uib.no – 99 15 28 21