Hjem
Det medisinske fakultet

Vellukka forskingsfest

Det var høg aktivitet og god stemning kring stasjonane frå Det medisinsk-odontologiske fakultet på Forskingstorget.

Verdas farlegaste dyr
På stasjonen til Senter for internasjonal helse (SIH) kunne ein lære meir om verdas farlegaste dyr - malariamyggen Anopheles. Her var det sett opp både myggnett og mikroskop for nærare utforsking av denne vesle, men farlege, parasitten.


Jakta på kreften
Center for Cancer Biomarkers (CCBIO) lot både store og små å delta i jakta på kreften, og ein kunne mellom anna sjå på ulike typar kreftceller og vev i mikroskop.


Rekrutteringspotensiale?

Borna som deltok var høgt konsentrerte, og gjekk inn i oppgåvene med stort alvor. Kanskje var det framtidas forskarar som utforska malaria og kreftceller denne dagen?

Du kan sjå fleire bilete frå Forskingstorget på fakultetet si Facebookside.