Hjem
Det medisinske fakultet

Framtidas instituttleiarar

Dei fem «nye» institutta i Framtidas fakultet har fått leiarane sine på plass. Her kan du lese kven dei er.

Åtte institutt skal bli til fem om få månadar. Prosessen går godt framover, og no er instituttleiarane klare. Her er dei:

  • Klinisk institutt 1: Nils Erik Gilhus. Nils Erik er i dag instiuttleiar for klinisk medisin.
  • Klinisk institutt 2: Per Bakke. Per er i dag leiar for institutt for indremedisin.
  • Institutt for global helse og samfunnsmedisin: Rolv Terje Lie. Han er i dag instituttleiar på Institutt for samfunnsmedisinske fag.
  • Institutt for biomedisin: Rolf Reed, som har denne stillinga allereie.
  • Institutt for klinisk odontologi: Anne Åstrøm, som har denne stillinga allereie.

Utfordringane ligg der, men også gevinstane.

-Klart det blir utfordrande, seier Per Bakke. –Ikkje minst fordi det er fleire forskarar, teknikarar og administrative frå ei rekkje ulike fag som no skal samarbeide i et nytt institutt. Folk kjem med ulike forventningar. Nokre er i utgangspunktet positive, andre skeptiske og nokon avventande til det heile. Det er ei utfordring å få dette til å gå i hop. Samstundes vil det vonaleg gje fakultetet større gjennomslagskraft, både internt og eksternt.

Nils Erik Gilhus gler seg til å ta fatt på oppgåva. -Det er undervising og forsking vi skal målast på, dette er kjerneoppgåvene. Innanfor undervising er målet at studentane skal bli gode, at de blir leiande innan sine felt etter endt utdanning. Eksamensresultat og evaluering er viktige parameter. Forskingsresultat viser seg blant anna gjennom publikasjonar og bibliometri, gjennomslag i eksterne søknadsprosessar, rekrutteringsevne og evalueringar. Arbeidsglede, trivsel og verketrang må heiast på og fremjast, seier Gilhus.

Også Rolv Terje Lie er klar for å brette opp ermene. -Det nye Institutt for global helse og samfunnsmedisin vil fagleg sett dekke heile primærhelsetenesta, folkehelsespørsmål, helsefaga og dei globale helseutfordringane. Vi vil utfordre resten av fakultetet til meir samarbeid om globale utfordringar og utfordringar i sjukeheimar og kommunehelsetenesta. Dette vil prege oss både når det gjeld forsking og undervising. Vi kan bidra til at dei nasjonale helseregistra, helseundersøkingane og biobankane blir utnytta på ein betre måte, seier han.

-Det er ei spennande oppgåve fordi det er mange veldig bra folk på det nye instituttet vårt, seier Per Bakke. –Og gevinstane skal jo bli betre forsking og betre undervising. Det er målet med heile denne prosessen, avsluttar Bakke.