Hjem
Det medisinske fakultet

24 millionar kroner frå Kreftforeininga til UiB

I alt 160 mill. kroner blir i år delt ut til 121 kreftforskarar ved tolv ulike forskingsinstitusjonar over heile landet. Ein stor del av midlane kjem forskarar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet til gode.

Hovedinnhold

Kvart år får 30.000 menneske kreft i Noreg, men forsking, betre diagnostisering og behandling har gjort at to av tre no overlever ein kreftdiagnose. Kreftforskinga er kompleks, og ein har framleis ikkje full oversikt over kor omfattande denne forskinga faktisk er. Kvart forskingsprosjekt er difor med å auke betre behandling, omsorg og livskvalitet for kreftpasientar.

Følgjande tilsette ved fakultetet har fått tildelt midlar:

  • professor Lars A. Akslen (Klinisk insitutt 1 (K1))
  • professor Rolf Bjerkvig (Institutt for biomedisin)
  • professor Øystein Bruserud (Klinisk institutt 2 (K2))
  • professor Olav Dahl (K2)
  • professor Stein Ove Døskeland (Institutt for biomedisin)
  • professor Per Øyvind Enger (Institutt for biomedisin)
  • professor Bjørn Tore Gjertsen (K2)
  • post.doc. Kimberley Joanne Hatfield (K2)
  • forskar Lars Herfindal (Institutt for biomedisin)
  • professor Karl-Henning Kalland (K2)
  • forskar Stian Knappskog (K2)
  • professor Per Eystein Lønning (K2)
  • forskar Emmet Martin McCormack (K2)
  • professor Gunnar Mellgren (K2)
  • professor II Hrvoje Miletic (Institutt for biomedisin)
  • instituttleiar Rolf K. Reed (Institutt for biomedisin)
  • professor Helga Birgitte Salvesen (K2)
  • professor Frits Alan Thorsen (Institutt for biomedisin) og
  • professor Per Magne Ueland (K2)

Fakultetet gratulerer, og ynskjer lukke til vidare med det viktige forskingsarbeidet.

Her kan du sjå heile tildelingslista med skildring av ulike prosjekta.