Hjem
Det medisinske fakultet

Utdanningsprisane 2012

Nevro, ernæring, pediatri og gyn. Her er prisvinnarane!

Fakultetets utdanningsprisar for 2012 går til Seksjon for nevrologi, klinisk ernæringsfysiolog Jennie Hernæs, og til Seksjonane for pediatri og obstetrikk/gynekologi.

Seksjon for nevrologi ved Institutt for klinisk medisin har gjennom fleire år utvikla eit godt opplegg for tutorgrupper, med tett samspel mellom studentar og undervisarar, og får Studiekvalitetsprisen på grunnlag av dette arbeidet.

Jennie Hernæs får Undervisningsprisen for hennar innsats med organisering og oppfølging av emnet NUCLI351 ved ernæringsstudiet.

Prisen for internasjonalisering av studiane går til Seksjonane for pediatri og obstetrikk/gynekologi, for deira samarbeid med institusjonar og personar i Uganda om klinisk teneste for studentar ved medisinstudiet. 

Studieutvalet hadde mange gode kandidatar å ta stilling til i samband med tildelinga, og visedekan for utdanning Arne Tjølsen er begeistra for kvaliteten på og breidda i tiltak innan undervisinga ved fakultetet. 


Prisene blir overrakt i samband med fakultetsstyremøte onsdag 13. juni.