Hjem

Det medisinske fakultet

Frank Mohn-stiftinga gjev millionar til ernæringsforsking

Stiftinga Frank Mohn har gjeve millionar til eit forskingsprosjekt som skal hjelpe menneske med vektproblem. Eit prosjekt i klinisk ernæring skal opprettast ved hjelp av pengane - fire millionar kroner årleg, i fire år. Forskinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, og Helse Bergen.

Vil auke livskvaliteten

Professor Jutta Dierkes ved Institutt for indremedisin er begeistra over donasjonen. –Eg er veldig fornøgd, konstaterer ho med eit smil. –Forskingsprosjektet skal ha fire stillingar. Vi gler oss absolutt til å komme i gang.

Dierkes fortel at dei skal finne ut meir om både dei underernærte og dei overvektige. –Det er ein stor auke når det gjeld fedme her i Noreg, det veit vi alle, seier ho. –Men på sjukehusa finn vi også svært mange undervektige. Det er gjerne eldre menneske som ikkje klarer å få i seg nok mat. Livskvaliteten går ned for begge desse gruppene, som også er meir utsette for sjukdommar. Det kan bli store handikap i kvardagen, seier Dierkes. Ho og medarbeidarane vil finne ut kva som skjer når kroppen får for lite eller for mykje mat, og korleis ein kan førebygge og behandle både over- og undervekt.

Viktig felt å forske på

Leiinga ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB er svært glade for donasjonen. - Dette er eit viktig bidrag for å møte det stadig aukande problemet med over- og undervekt i den vestlege verda, seier dekan Nina Langeland. Langeland er særs takksam for den rause gåva som vil bli nytta til å byggje opp forsking innan dette området. 

Prodekan for forsking, Robert Bjerknes, vil følgje med forskingsgruppa sitt arbeid framover. -Dette er ei svært generøs og viktig gåve som vil styrke våre forskingsmiljø, seier han. –Dessutan vil prosjektet gje oss ein unik sjanse til å rekruttere yngre, lovande forskarar og vidareutvikle tverrfagleg ernæringsforsking i samarbeid med Helse Bergen, seier han.

Fakultetsdirektør Nina Mevold seier seg einig. - Ernæring er eitt av fakultetet sine yngre fagområde, og eit område med stor samfunnsmessig betydning. Gåver som denne frå Stiftinga Frank Mohn gjev fakultetet ei svært velkommen strategisk drahjelp, konkluderer Mevold.